Nådendal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nådendal
Remove ads

Nådendal (finsk Naantali) er ein finsk by og kommune i landskapet Egentliga Finland. Kommunen har kring 18 400 innbyggjarar og eit areal på 4,05 km², av dette er 1,95 km² vatn. Nådendal er ein finskspråkleg kommune som grensar til kommunane Reso, Åbo, Pargas, Gustavs, Tövsala, Virmo og Masku. 1. januar 2009 blei kommunane Rimito, Merimasku og Velkua slått saman med Nådendal kommune.

Thumb
Nådendal kyrkje
Kjappe fakta Land, Areal ...

Byen voks opp rundt eit birgittinarkloster som blei grunnlagt her i 1443. Klosteret bar det latinske namnet Vallis Gratiae, og dette blei omsett til namnet Nådendal. På 1800-talet blei byen kjend for kurbadet sitt.

I Nådendal ligg den finske presidenten sin sommarresidens Gullranda (finsk Kultaranta).

Muminvärlden (finsk Muumimaailma) er ein kjend turistattraksjon i Nådendal. Dette er ein barnevennleg opplevingspark med Tove Jansson sine mummitroll som tema. Parken blei skipa i 1993.

Kvar sommar den 27. juli blir sjusovardagen feira i Nådendal. Feiringa fann stad for fyrste gong i 1889.

Nådendal kraftverk er opphavleg eit kolkraftverk frå 1972, på i alt 366 MW effekt. Det er blitt modernisert til å også kunna brenna fyringsolje og biomasse.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads