Oberaletschbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oberaletschbreen (tysk Oberaletschgletscher, tyder Øvre Aletschbreen) er ein dalbre på sørsida av Bern-Alpane i kantonen Valais. Han er 9 km lang med ei breidde på litt under 1 km og eit areal på kring 22 km².
Oberaletschbreen strekkjer seg i to tilnærma like armar. den austlege starta på sørvestsida av Aletschhorn kring 3700 meter over havet, og går inn i den vestlege armen (Beichgletscher) i dalen ved foten av Nesthorn. Frå der flyt breen søraustover mot Aletschbreen utan å nå heilt bort. Bretunga endar kring 2150 meter over havet. Under den vesle istida på midten av 1800-talet var breen ein del av Aletschbreen.
Området kring Oberaletschbreen, i lag med Aletschbreen, vart erklært ein verdsarvstad i desember 2001.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Oberaletsch Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads