Bern-Alpane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bern-Alpanemap
Remove ads
Remove ads

Bern-Alpane omfattar fleire fjellkjeder i dei vestlege delane av Alpane, i Sveits. Sjølv om ein større del av fjella ligg i Berner Oberland-regionen av kantonen Bern, ligg delar av Bern-Alpane i dei tilstøytande kantonane Valais, Luzern, Obwalden, Fribourg og Vaud. Dei siste går ofte under nemningane Fribourg-Alpane og Vaud-Alpane, høvesvis.

Meir informasjon Land, Kantonar ...

Rhône-dalen skil Bern-Alpane frå Chablais-massivet i vest, og frå Wallis-Alpane i sør. Den øvre delen av Rhône-dalen skil dei frå Lepontin-Alpane i søraust, medan Grimselpasset og Aar-dalen skil dei frå Uri-Alpane i aust. Nordgrensa for Bern-Alpane er mindre klar, men kan seiast å liggje på ei line mellom Genfersjøen og Vierwaldstättersjøen.

Bern-Alpane er nedbørsfelt til elva Aar og bielva Saane i nord, og til elvane Rhône i sør og Reuss i aust.

Remove ads

Morfologi

Ryggrada i Bern-Alpane er ei 100 km lang fjellkjede som strekker seg frå vest (Dent de Morcles) til aust (Sidelhorn) langs grensa mellom kantonane Bern (nord) og Valais (sør). Bortsett frå den aller vestlegaste delen, er denne grensa vasskilje mellom Nordsjøen og Middelhavet. Denne ryggrada ligg ikkje midt i fjellkjeda, men ligg nær (10-15 km) Rhône-elva i sør. Av den grunn er det stor skilnad mellom landskapa på sørsida og nordsida. På sørsida fell sidedalane bratt ned mot Rhône-dalen, i nord vert fjella gradvis lågare til dei går over i åslandskapet på det sveitsiske platået eller i innsjøane Thunsjøen og Brienzsjøen i aust.

Vest for Gemmipasset består fjellkjeda i hovudsak av nokre få og høge toppar (så som Wildhorn), litt over 3000 moh, ofte dekt av isbrear. Fjellkjeda vider seg mykje ut i dei austlege delane, med fjelltindar på over 4000 meter. Dette er elles den delen av Alpane som har flest brear, store og små.

Remove ads

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-området ligg i dei austlege delane av Bern-Alpane, i den mest bredekte delen av Alpane. Aletschgletscher, dei to fjelltoppane Jungfrau og Bietschhorn er særlege attraksjonar å skode. Området vart i 2001 teke med på verdsarvlista til UNESCO. I 2007 vart området utvida og fekk namnet Schweizer Alpen Jungfrau-Aletsch. Etter utvidinga er fleire store brearmar, som Fieschergletscher og Aargletscher, omfatta av UNESCO-lista.

Remove ads

Fjelltoppar

Thumb
Eiger, Mönch and Jungfrau
Thumb
Eismeer
Thumb
Finsteraarhorn
Thumb
Lauterbrunnental
Thumb
Grünhorn
Thumb
Oeschinensee
Thumb
Aletschbreen
Thumb
Lötschental
Thumb
Rottal
Thumb
'Toppen av Europa-anlegget', Jungfraujoch

Dei høgste toppane i Bern-Alpane:

Meir informasjon Namn, Høgd (moh) ...

Isbrear

Dei største isbreane:

Fjellovergangar

Dei viktigaste fjellovergangane i Bern-Alpane er:

Meir informasjon Fjellovergangar, stad ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

46°25′N 7°45′E

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads