Ocreatus

kolibrislekt i Sør-Amerika From Wikipedia, the free encyclopedia

Ocreatus
Remove ads

Ocreatus er ei biologisk slekt av små kolibriar med tre medlemmer som samla har eit leveområde langs Andes frå Venezuela, gjennom Colombia, Ecuador, Peru til Bolivia. Slekta er ein del stammen Heliantheini, «briljantar», i underfamilien Lesbiinae.

Kjappe fakta

Namnet Ocreatus er latinsk med (overført) tyding «har på seg støvlar», refererer til at tarsus er dekt med kvite eller oransje fjørduskar.[1]

Remove ads

Skildring

Ocreatus er tre kolibriartar med sær utforming av halen som lever i Andes-regionane, frå Venezuela til Bolivia. Hannfuglane har metallisk grøn kropp, svarte venger og ein imponerande lang hale med utvida sentrale fjører forma som «rekkertar». Hoene har derimot kvite undersider med grøne flekker og manglar den forseggjorde rekkerthalen. Både hannar og hoer har lodne kvite eller oransje-raudbrune fjører rundt tarsen.

Arten trivst i fuktig til våte skogskantar på midthøgder i Andesfjella, typisk lever dei våte skogsoner i subtropiske og tempererte regionar. Den høgaste konsentrasjonen av desse fuglane er vanlegvis mellom 1600 og 2200 meter over havet.

Hannane er 11–15 cm lange, inkludert dei langstrekte halefjørene, hoene er mindre, måler 7,6–9 cm.

Dei tre artane i Ocreatus er kjenneteikna av variasjonar i farge og i utforming av halen. Vimpelkolibri har til dømes kvite fjørtufsar rundt beina, dei andre har oransje. Grad av flekking på undersida hos hoer, halelengder og plassering av «rekkertar» varierer med art og underart.

Desse kolibriane søkjer føde i ulike høgder i skogen, omtrent frå 6 til 18 meter over bakken.

Remove ads

Galleri

Artslista

Hjå dei meste kjente taksonomi-autoritetar var taksonet Ocreatus monotypisk med ein art, vimpelkolibri (Ocreatus underwoodii) fram til nyleg. Ocreatus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

  • Vimpelkolibri, Ocreatus underwoodii, White-booted racket-tail, (Lesson, RP, 1832), (LC)
  • Peruvimpelstjert, Ocreatus peruanus, Peruvian racket-tail, (Gould, 1849)
  • Inkavimpelstjert, Ocreatus addae, Rufous-booted racket-tail, (Bourcier, 1846)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads