Octavia Sperati

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Octavia Sperati er eit band frå Bergen som spelar heavy metal. Musikken byggjer på sjangeren doom metal, med tunge gitarriff og ein meir ethereal-inspirert vokal. Bandet har gjeve ut to album (Winter Enclosure, (2005), og Grace Submerged, (2007)) i tillegg til ein EP (Guilty (2002).

Albumet Winter Enclosure (2005) vekte stor interesse, og har hausta gode kritikkar og høge terningkast[treng kjelde].Eit særmerke ved denne gruppa er at ho er samansett av nesten berre kvinnelege musikarar, noko som er svært uvanleg i denne sjangeren.

Med den store suksessen i Noreg fekk bandet også interesse i utlandet, og etter ein kort konserttur i Noreg heiv dei seg med som oppvarming for Cradle of Filth og Paradise Lost allereie hausten 2005. Dei hadde sjølve i sluttan av 2007 ein turné i Storbritannia.

Remove ads

Medlemmer

  • Silje Wergeland - Song
  • Bodil Myklebust - Gitar
  • Gyri S. Losnegaard - Gitar
  • Trine C. Johansen - Bassgitar
  • Tone Midtgaard - Tangentar
  • Christoffer Risbakk Vegsund - Trommer
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads