Odde Litle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Odde Litle Glumsson (norrønt: Oddi inn litli Glúmsson) var ein islandsk skald som levde på 1100-talet på Orknøyane.

(Illustrasjonen er frå ein biletstein på Gotland)
Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga[1] (kap. 85 og 88). Der er det sagt at han var frå Breidefjorden på Island og at han var dugande til å dikte. Patronymet «Glumsson» og heimstadnamnet gjer det nærliggande å gisse på at han ætta frå den kjende skalden Glum Geirason som levde på Island i tida 950-975.
Ein haust, truleg i 1148, kom han, saman med skalden Årmod, til Ragnvald Kale Kolsson jarl på Orknøyane og jarlen tok godt imot dei og gjorde dei til hirdmenn. Under eit stort julegjestebod dikta jarlen ei vise og utfordra Odde Litle til å gjere han etter, og dei to visene er sitert i Orknøyingasoga; 13. visa[2] av lausaviser av Ragnvald jarl og 1. visa[3] av lausaviser av Odde Litle. Det var òg ved dette høvet at jarlen lyste ut at han ville fare på pilegrimsferd til Jorsalaheim (Jerusalem), og Odde Litle var ein dei mennene som då rådde seg til å vere med på ferda.
Om sumaren tre år seinare (1151), la dei ut frå Orknøyane med 15 storskip. I Orknøyingasoga er ferda skildra over fem kapittel (86-90); det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. I soga er det frå denne ferda sitert fire av dei dikta som vi har etter Odde Litle; vers 2[4], 3[5], 4[6] og 5[7] av lausavisene.
Det er ikkje kjent korleis det gjekk med Odde Litle etter pilegrimsferda, og ein veit heller ikkje når han døydde.
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads