Oh, by the Way
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oh, by the Way er ein plateboks av Pink Floyd[3] gjeve ut 10. desember 2007 av EMI Records i Storbritannia og dagen etter i USA på Capitol Records.[4]
Remove ads
Innhald
Plateboksen inneheld alle studioalbuma til Pink Floyd på ein skala som etterlikna dei originale vinylutgåvene.[5] I tillegg til albuma og ekstraspor, kom samlinga med ein spesialdesigna plakat av Storm Thorgerson, med 40 Pink Floyd-bilete.[6]
Design og omslag
Tittelen er ein referanse til ei linje i songen «Have a Cigar»: «Oh by the way, which one's Pink?» Omslaget består av eit liknande konsept som framsida av Ummagumma—ei side av boksen syner eit bilete av eit rom med forskjellige objekt spreidde rundt, med bilete av Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright på veggane, medan den andre sida har det same rommet i eit anna lys, der objekta og bileta er omarrangerte. Ståande i bakgrunnen på begge sider av omslaget er ei mørk silhuett som symboliserer Syd Barrett.
Remove ads
Album
Albuma i boksen er:
- The Piper at the Gates of Dawn - august 1967 (2007-ommaster)
- A Saucerful of Secrets - juni 1968 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1986-masteren)
- More - juni 1969 (1995-ommaster)
- Ummagumma - oktober 1969 (1994-ommaster)
- Atom Heart Mother - oktober 1970 (1994-ommaster)
- Meddle - oktober 1971 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1984-master)
- Obscured by Clouds - juni 1972 (1995-ommaster)
- The Dark Side of the Moon - mars 1973 (2003-ommaster)
- Wish You Were Here - september 1975 (1992-ommaster)
- Animals - januar 1977 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1986-masteren)
- The Wall - november 1979 (1994-ommaster)
- The Final Cut - mars 1983 (versjon med sporlista frå 2004) (2004-ommaster)
- A Momentary Lapse of Reason - september 1987 (1997-ommaster)
- The Division Bell - mars 1994 (not-ommastered)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads