Ohio Range

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ohio Range
Remove ads

Ohio Range er ei fjellkjede i Dei transantarktiske fjella i Antarktis. Ho er kring 48 km lang og 16 km brei som strekkjer seg frå nordaustover frå Eldridge Peak til Mirsky Ledge. Fjellkjeda strekkjer seg ut til Horlick Mountains og består hovudsakleg av eit stort snødekt platå med bratte sider på nordsida og fleire flate ryggar og fjell. Det høgaste fjellet er Mount Schopf (2990 moh).[1]

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Fjellkjeda vart kartlagd i 1958-59 av USARP Horlick Mountains Traverse, og vart undersøkt i 1960-61 og 1961-62 av geologar frå Institute of Polar Studies ved Ohio State University, som fjellkjeda er kalla opp etter.[1]

Sentralt i fjellkjeda ligg Buckeye Table, eit platå, som er 19 km langt og 3 til 8 km breitt. Av fjell i fjellkjeda finn ein Discovery Ridge, Eldridge Peak, Mount Glossopteris (2865 moh), Iversen Peak, Mirsky Ledge, Quartz Pebble Hill, Mount Schopf (2990 moh) og Urbanak Peak.

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads