Ohridsjøen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ohridsjøen
Remove ads

Ohridsjøen (makedonsk Охридско Езеро, Ohridsko Ezero; albansk Liqeni i Ohrit) ligg mellom fjella i grenseområdet mellom det sørvestlege området av Nord-Makedonia og det austlege Albania. Det er den djupaste og eldste innsjøen på Balkan, og har eit unikt akvatisk økosystem med meir enn 200 endemiske artar, som er viktige for heile verda. Derfor har innsjøen vore på Verdsarvlista til UNESCO sidan 1979. Menneskeleg aktivitet langs kysten og i nedslagsfeltet har derimot ført til at økosystemet er i fare.

Kjappe fakta Land, Utløp ...
Remove ads

Geografi

Thumb
Kart

Ohridsjøen er den djupaste innsjøen på Balkan med 288 m på det djupaste og eit middeldjup på 155 m. Han dekkjer eit areal på 358 km² og inneheld om lag 55,4 km³ med vatn. Han er 30,4 km lang på det lengste og 14,8 km brei med ei kystlinje på 87,53 km, der 56,02 km er i Nord-Makedonia og 31,51 km er i Albania.

Opphav

Ohridsjøen og Prespasjøen høyrer til ei gruppe sedimentbasseng som oppstod som følgje av geotektonisk senking under pliocenepoken opp mot fem millionar år sidan på vestsida av Dei dinariske Alpane. På verdsbasis er det berre få innsjøar som har vorte danna på liknande måte, mellom anna Bajkalsjøen og Tanganyikasjøen. Slike innsjøar har ofte berre ei levetid på mindre enn 100 000 år før dei etter kvart vert fylt opp med sediment. Ein trur at i Ohridsjøen er denne prosessen forseinka fordi han er så pass djup og at det meste av sedimenta vert filtrert før dei kjem ut i innsjøen. I tillegg er Ohrid-Korca-graben sør for innsjøen framleis tektonisk aktiv og subduksjon her kan oppvege sedimenteringa. Prespasjøen har derimot sannsynlegvis vorte tørr fleire gonger gjennom tidene på grunn av den karstiske undergrunnen.[1]

Remove ads

Hydrologi

Thumb
Satellittbilete

Nedslagsfeltet til innsjøen er om lag 2600 km² og består hovudsakleg av underjordiske kjelder på austkysten (om lag 50 % av det totale tilsiget) og om lag 25 % kjem frå elvar og direkte nedbør. Over 20 % av vatnet kjem frå Prespasjøen, som ligg om lag 10 km mot søraust og er 150 m høgare over havet. Vatnet går frå Prespasjøen gjennom underjordiske vassløp i det karstiske landskapet. Det einaste utløpet frå Ohridsjøen er Svarte Drin, som strøymer nordover i Albania og endar opp i Adriahavet. Denne elva utgjer om lag 60 % av utsiget frå innsjøen, medan fordamping utgjer resten. Det tørre middelhavsklimaet og det litle nedslagsfeltet (forholdet mellom nedslagsfeltet og overflatearealet til innsjøen er om lag 1 til 7) fører til at den hydrauliske opphaldstida (kor lang tid vatnet oppheld seg i innsjøen) er på om lag 70 år.[2][3][4]

Fysiske og geokjemiske eigenskapar

Vatnet i overflata av Ohridsjøen strøymer hovudsakleg mot klokka langs kysten, på grunn av vindpådrag og jordrotasjonen, på same måte som ekmantransport i havet. Konvektiv blanding under vinteravkjølinga er ein dominerande prosess når det gjeld vertikal utveksling av vatn i innsjøen. Men i løpet av ein normal vinter vert berre dei 150-200 øvste metrane blanda, medan dei nedste laga er stabilt lagdelt av salinitet. Denne stabiliteten fører til at ei total blanding i heile djupet berre skjer om lag kvart sjuande år.[3][5]

Ohridsjøen er næringsfattig (oligotrofisk), og i kombinasjon med at vatnet vert filtrert i undergrunnen før det kjem ut i innsjøen er Ohridsjøen svært klår, med ei sikt på opp til 22 m.

Remove ads

Fauna

Ohridsjøen inneheld fleire endemiske artar (artar som stort sett berre finst her). På liknande måte som Bajkalsjøen og Tanganyikasjøen har Ohridsjøen endemiske artar som dekkjer heile næringskjeden, frå planteplankton og algar (20 artar), via planteartar (to artar, t.d. Chara ohridana), dyreplankton (fem artar; t.d. Cyclops ochridanus), karpefisk (åtte artar, t.d. Pachychilon pictus), til rovfisk (to aureartar; «Ohrid-aure» Salmo letnica og «Belvica» Acantholingua ohridana), i tillegg til den mangfaldige endemiske botnfaunaen (176 artar, t.d. Ochridagammarus solidus), særleg krepsdyr, blautdyr, svampar og planariar.[1][6][7]

Ein har i tillegg meir vanlege artar i innsjøen, særleg fuglar og europeisk ål[8] Sivkrattet langs breidda av innsjøen er overvintringsplass for hundretusenvis av vassfuglar, mellom anna sjeldne og truga artar som krøllpelikan, kvitaugeand, svaner, storskrikørn og keisarørn.

Remove ads

Samfunnsøkonomisk

Det ligg tre byar langs kysten av innsjøen: Ohrid og Struga på den nordmakedonske sida, og Pogradec i Albania. Det finst òg fleire fiskelandsbyar, men turisme er no ein aukande del av inntekta i området. I nedslagsfeltet til innsjøen bur det om lag 170 000 menneske, der 131 000 bur heilt nær kysten av innsjøen (43 000 i Albania og 88 000 i Nord-Makedonia). Folkesetnaden i nedslagsfeltet har auka med 100 000 dei siste 50 åra, noko som har sett press på det skjøre økosystemet. Dei historiske monumenta og dei urørte områda rundt Ohridsjøen trekkjer til seg turistar. På 1980-talet vitja meir enn 200 000 turistar den nordmakedonske delen av innsjøen i året, men under Jugoslavia-krisa kollapsa turismen, som no sakte er i ferd med å byggje seg opp att.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads