Ohrid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ohrid (makedonsk Охрид) er ein by og ein kommune på austkysten av Ohridsjøen i regionen Sørvest i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2013, då den tidlegare kommunen Kosel vart innlemma i kommunen.
Kommunen har eit areal på 389,93 km2. I 2021 hadde kommunen 51 428 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 38 818 innbyggjarar.[1]
Byen er kjend for ein gong å ha hatt 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året, og vart kalla den makedonske Jerusalem[2]. Byen har mange vakre hus og monument og turismen er ei viktig næring. Han ligg aust for Elbasan og Tirana i Albania, sørvest for Skopje, og nordvest for Resen og Bitola.
I 1980 vart Ohrid og Ohridsjøen innskriven på UNESCO si verdsarvliste.
I Ohrid finst òg eitt av Nord-Makedonia sine største sjukehus.
Remove ads
Historie
Byen har eksistert sidan antikken, då som Lychnidos. Den romerske vegen Via Egnatia gjekk gjennom Lychnidos. Namnet Ohrid vert første gong nemnd i 879. Det er vorte hevda at det kyrilliske alfabetet vart utvikla i Ohrid av Sankt Klemens av Ohrid, men dette er usikkert og det er meir truleg at det vart utvikla av den litterære skulen i Preslav. Ohrid var eit viktig kulturelt sentrum der det vart produsert skrifter ved den litterære skulen her.
I år 1000 var Ohrid ein kort periode hovudstad i Det første bulgarske riket. Byen var då òg sete for erkebispedømet i Ohrid og det vart bygd mange kyrkjer.
Remove ads
Busetnader i kommunen
Dei største busetnadene i kommunen var:
- Ratsja rekna inn i Velestovo i 2021
Bakgrunnsstoff

- Offisiell turistside
- travel-macedonia.net
- www.visitohrid.com.mk Arkivert 2008-01-25 ved Wayback Machine.
- Bilete frå Ohrid Arkivert 2006-03-04 ved Wayback Machine.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads