Ola Jonsmoen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ola Jonsmoen
Remove ads

Ola Jonsmoen (fødd 9. juli 1932 i Alvdal)[1] er ein norsk forfattar, lokalpolitikar og skolemann.

Kjappe fakta

Han har gjeve ut fleire diktsamlingar, novellesamlingar, barnebøker, skodespel, skjemtebøker og romanar, fleire av bøkene er illustrerte av kona Unni-Lise Jonsmoen.

Han har skrive skodespela Ei fjellbygd (etter Nicolai Ramm Østgaards roman), Dei urolege av hjarte og Bak lengste mil; dei to siste oppførte i Tylldalsspelet i Tylldal. Jonsmoen var i ei årrekkje rektor ved Holmen vg skole på Tynset. Han skriv på nynorsk.

Jonsmoen har representert Venstre i kommunestyret i Alvdal i to periodar frå 1963 til 1971. Han vart vald inn på ny i 1995 og i 1999. Frå 1999 til 2003 var han varaordførar. Han har vore ein framifrå talsmann spesielt i kulturspørsmål i kommunen, mellom anna som mangeårig medlem av Hovudutvalet for kultur og fritid, og av bygdeboknemnda. Han har også vore medlem av Norsk Språkråd, Norsk kulturråd, Norsk bibliotekråd og nestleiar i Statens seniorråd.

For sitt mangeårige virke i kommunens kulturliv fekk han og kona Unni-Lise Jonsmoen Einar Steimoeggens Minnediplom i 1992.

Ola Jonsmoen fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2002.

Remove ads

Verkliste

  • Dagen, vinden og hjartet dikt (1959)
  • Singeling for rare ting barnebok (1961) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Humle Brumle barnedikt (1962) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Omvegar dikt (1967)
  • Timinan-Frikk og Peppar-Jon barnebok (1968)
  • Godnatt alle snille barnebok (1969)
  • Jonas ved Amasonas barnedikt (1969)
  • I Blåfugl kro noveller (1970)
  • Celle dikt (1971)
  • Da vi fekk ein bror barnebok (1971)
  • Luringar i sør og nord barnebok (1971)
  • Den døde er død skuespill (1972)
  • Om desse steinane tala (1973)
  • Morn, røvarungar barnebok (1973) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Kabalmennesket noveller (1974)
  • Flaggermus i grisehus barnebok (1974) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Liv i grenda barnebok (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Fartsgrense null viser og dikt for barn (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Fantasi og fakta sakprosa, lærebok (1978) (saman med Atle Røhme)
  • Farlig ferd for fire barnebok (1978)
  • Så glad at det kiler i foten sangspel for barnekor (1978) (musikk ved Ellef Røe)
  • Til bekken etter vatn diktsamling (1979)
  • Ei fjellbygd musikkspel fritt etter Nicolai Ramm Østgaards En fjeldbygd – Billder fra Østerdalen (1979) (musikk ved Ellef Røe)
  • Morgonmat og synnavind kåseri (1980) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Ingen heltar i Snare-veien barnebok (1981) (illustrert av Per Christiansen) / Bokmålsutgave Ingen helter i Snare-vegen (1980)
  • Filister.. hunden? novellesamling (1981) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Huset med alle vindauga skuespill (1981)
  • Dei urolege av hjarte olsokspel (1983) (musikk av Ellef Røe)
  • Endeleg min tur barnebok (1984)
  • Ut å sjå og heim og dans dikt (1985)
  • Middagshøgder roman (1986)
  • Billett båe vegar noveller for barn og ungdom (1986)
  • Utkanten midt i verda (1988) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Endestasjonar noveller (1990)
  • Dreng. Hund og hann. Frå ein labradors liv (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Flyktning i snøen barnebok (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Sivil-Sara billedbok (1993) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Skjoldlua. Kvardagsbruk og brukskunst sakprosa (1993) (sammen med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Madeira-hanen noveller (1994)
  • Nordspor roman (1995)
  • Bikkjeredd noveller for ungdom (1995)
  • Den store møteboka sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Langpoteta sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den nye sjukeboka sakprosa (1998) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Høgder over havet diktsamling (1999) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Boa struts billedbok (2000) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Bak lengste mil olsokspel (2001)
  • Minneboka. Stutt versjon sakprosa (2001) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Vinterbrann noveller (2002)
  • Meining som merkevare essays (2003)
  • Lommeboka sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den vesle bygdeboka sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Sølverglans og andre noveller novellesamling (2005)
  • Skal vi synge eller slåss epistler (2006)
  • Ansiktsløfteboka. Eit kunnskapsløft for folk som vil forandre sin skjebne sakprosa (2007) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Utkant i kant på kanten scenetekstar (2007)
  • Kentaur, men helst hest dikt (2008)
  • Johannes i sporet. Hysj, hysj! barnebok (2009) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den naturvenlege hageboka sakprosa (2009) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Dagboka sakprosa (2010) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes til fjells. Sjå, sjå! barnebok (2010) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Ekteskapsboka. Bruksanvisning. småbok (2011) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes og villreinen. Hør, hør! barnebok (2011) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes og nordlyset barnebok (2012) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Betonggras noveller (2012)
  • Johannes og bjørnen barnebok (2013) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Nesting dramatikk (2013)
  • Johannes i vinden barnebok (2014) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Joggeboka sakprosa (2014) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Ametyst roman (2014)
  • Johannes i snøen barnebok (2015) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Hytteboka sakprosa (2015) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes i juli barnebok (2016) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den som baker brød har gode hender noveller (2016)
  • Gammal og god sakprosa (2016) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Det står til liv dikt (2017)
  • Lystig låt og mindre gråt viser (2019) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen, melodiar av Ellef Røe og Knut Stiklestad)
  • Milla nordasno og synnavind. Undringar og ytringar. essays (2019)
  • Mann i blå dress noveller (2019)
  • Blåknute roman (2020)
Remove ads

Prisar og utmerkingar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads