Ola O. Røssum

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ola Olafsson Røssum (10. mai 192629. mai 2012) var ein norsk agronom og politikar, fødd og død i Nord-Fron. Han representerte Oppland og SenterpartietStortinget i tida 1969-81.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Røssum var son til ein gardbrukar i Kvam-sokna i Nord-Fron. Han tok eksamen ved landbruksskule i 1948 og skogbruksskule 1950. Åra 1952-54 var han kontrollassistent i Rakkestad i Østfold. Deretter studerte han 1956-59 til sivilagronom ved Norges landbrukshøgskole.

Sidan var Røssum eit års tid forskingsassistent ved NLH, før han i perioden 1960-65 var driftsplanleggar i Oppland Bondelag. Han tok over farsgarden Røssem i 1965 og dreiv han til 1998.

Etter å ha vore vararepresentant til Stortinget i perioden 1965–69, fekk Røssum fast plass på Tinget frå 1969. Med attval i 1973 og 1977 vart han verande stortingsrepresentant i tolv år. Dei fyrste åtte åra var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, siste fireårsbolken var han nestformann i Landbrukskomiten, samt visepresident i Lagtinget. Røssum var politisk nestformann i Senterpartiet i åra frå 1977 til 1981.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads