Kvam i Gudbrandsdalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kvam i Gudbrandsdalen
Remove ads

Kvam er eit sokn og ein tettstad i nordre delen av Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen.

Thumb
Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam
Thumb
Kvamshallen
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Namn

Namnet kjem frå norrønt hvammr, som tyder 'kort dal'.

Kvam sokn

Kvam sokn har 1 370 innbyggjarar (2013) og femnar om tettstaden med omgjevnad. Kvam kyrkje frå 1952 er den tredje i rekka. Soknet har mellomaldersk opphav, og inngjekk i Fron prestegjeld, frå 1850 Nord-Fron prestegjeld. Ved kommunegrensreguleringa 1965 blei Sjoa krets (då med 413 innbyggjarar) overflytta frå Kvam til Sel sokn i Sel kommune.

Kvam tettstad

Tettstaden ligg ved E6 og buer seg langs med Gudbrandsdalslågen. Frå E6 ved Mors kro går Fylkesveg 419 til Kvamsfjellet, som ligg inntil Rondane nasjonalpark. Setervegen er ein del av «Peer Gynts seterveg» som kjem ned att på Vinstra. Den nye traseen for E6 vil gå utanfor tettstaden.

Kvam jernbanestasjonDovrebanen opna i 1896, og var føresetnaden for framvoksteren av tettstaden.

På «baksia» mot sør ligg Teigkampen som stenger vollane som utgjer sentrum for sola frå tidleg i november til langt ut i februar.

Folketalsutvikling

Meir informasjon Folketalsutvikling på Kvam ...

Næringsliv

Største arbeidsplassen er Sponplatefabrikken Forestia Kvam med om lag 50 arbeidsplassar. På same industriområdet ligg òg Kvam Talc (klebermølle).

Kvam har to vegkroer. Vertshuset Sinclair vart opna i 1972, bygd på tomta til tidlegare Kvam Hotell som brann ned i 1970. I 1999 opna Punter Kro i bygningen som tidlegare husa Sletten landhandleri, kroa skifta seinare namn til Mors Kro. Punter Kro attoppstod i 2007, då Kvam samvirkelags lokalar vart gjorde om til serveringsstad, men vart stengde att jula 2008. På Kvamsfjellet ligg Rondablikk Høyfjellshotell.

Kiwi Rudland er einaste daglegvarebutikk. I lokala finn ein òg post i butikk. Bensinstasjonen heiter Statoil Kvam. Kvam Mekaniske Verksted er forhandlar for Nissan og Suzuki.

Remove ads

Krigshandlingar i Kvam

Kvam i Gudbrandsdalen er historisk kjent for kamphandlingar under skottetoget i 1612 og andre verdskrig i 1940.

Skottetoget og massakren ved Klomstadlåven i 1612

I samband med skottetog og slaget i Kringen sør for Otta i 1612 vart det tatt 134 fangar. Desse vart ført vekk frå slagstaden til garden Klomstad i Kvam. Ved Klomstadlåven vart dei fleste massakrerte dagen etter.

Krigen på Kvam i 1940

Dei hardaste kampane i Sør-Noreg fann stad på Kvam 25. og 26. april 1940 mellom tyske og britiske soldatar. Under kampane gjekk om lag 70 hus tapt i brannar, mellom dei kyrkja frå 1775.

Remove ads

Attraksjonar og minnemerke

  • Kvam kyrkje vigsla i 1952.
  • Ved Kvam kyrkjegard er det minnelund over britar som fall under andre verdskrig.
  • Fredspark ved Kvam Kirke, her finn ein m.a. minnesmerke over gudbrandsdølar som fall under andre verdskrig.
  • Minnesmerker på Stølane (Kvamsfjellet) der russiske soldatar blei skotne av tyskarane, og på Hillingen der tre norske soldatar mista livet i kamp mot tyske troppar.
  • Ved Vik gård sør for Kvam sentrum står det eit minnesmerke over George Sinclair, som feilaktig vart tatt for å vere leiar av skottetoget. Kyrkja i Kvam stod der fram til 1775.

Kvamværsvitser

Ein person som kjem frå Kvam, vert gjerne kalla «kvamvær». Kvamværsvitser er eit kjent omgrep i Gudbrandsdalen. Dei er kjenneteikna med slagferdige og ofte avvæpnande kommentarar som avsluttar vitsen.

Remove ads

Kjente kvamværar

  • Ingar Sletten Kolloen, redaktør, journalist, biograf og forfattar
  • Ola O. Røssum, politikar for Senterpartiet
  • Helge Stormorken, lege/veterinær, prof. dr. med, vitskapsmann, St. Olavs Orden

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads