Ola og Kari Nordmann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ola og Kari Nordmann eller berre Ola og Kari er eit omgrep som ofte blir bruka som ei personifisering av vanlege nordmenn.[1] Det blir mykje brukt i media, til dømes i snakk om folket som heilskap,[2] om typiske eller gjennomsnittlege nordmenn.[3] Namna er også brukt som døme i utfylling av skjema, lik Nomen nescio, NN.
- Sjå òg Ola Nordmann av Plumbo.

Remove ads
Opphav
I 1844 gav Henrik Wergeland ut boka Skåltaler, 474 samlede og utgivene av Ola Nordmann. I 1915 blei namnet brukt for å skildra den vanlege nordmannen og i 1926 for å omtala nordmenn.[4] Seinare la ein til ei Kari Nordmann. Namna Ola og Kari har lenge vore mykje brukte i Noreg, og har nordisk opphav.
Ola Dunk er eit avleidd namn brukt om ein typisk nordmann med dårlege eigenskapar.
Tilsvarande namn i andre land
I Sverige er Medelsvensson brukt om den typiske svensken, i Danmark Herr Sørensen og i Tyskland Otto Normalverbraker.[4]
I USA er John og Jane Doe eller Average Joe brukt på same måte.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads