Olaf Devik
norsk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Olaf Martin Devik (fødd 20. desember 1886 i Gjerdrum, død 14. april 1987 i Oslo) var ein norsk fysikar og administrator.
Han tok cand.real. i 1911 og studerte fysikk i Heidelberg 1913–1914. Han vart amanuensis i fysikk ved Universitetet i Oslo i 1914 og tok dr.philos. i 1931. I 1915 fekk han i oppdrag å organisere vêrvarsling og meteorologisk teneste for Nord-Noreg saman med Ole Andreas Krogness. Han vart tilsett ved Halddeobservatoriet frå 1915 til 1918 og ved Geofysisk institutt i Tromsø frå 1918 til 1922. Frå 1922 var han dosent i fysikk ved NTH og dessutan lærar ved Noregs lærarhøgskule frå 1923 til 1932. Han var medlem av Chr. Michelsens institutt frå 1932 til 1938 og ekspedisjonssjef for kulturavdelinga i Kirkedepartementet 1938–1956.
Devik er kjent som pedagog og lærebokforfatter. Han har offentleggjort ei rekkje populærvitskaplege artiklar i dagspresse og tidsskrift. Som leiar av forskingsarbeida ved Chr. Michelsens institutt har han utført viktige studium over ultraraud stråling, ulike belysningsspørsmål og korleis lyd breiar seg i lufta, med omsyn på bruk for å tryggje skipsfarten langs kysten.
Frå 1943 til 1945 var Devik i London som ekspedisjonssjef for Kirkedepartementet der. Etter andre verdskrigen la han ned eit stort arbeid med å bringe undervising og forsking ved norske høgare læreanstaltar på fote att, mellom anna ved skipinga av dei vitskaplege forskingsråda. Har utgjeve Blant fiskere, forskere og andre folk (1971).
Remove ads
Kjelder
- «Olaf Martin Devik.». Store norske leksikon. 15. februar 2009. Henta 4. november 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
