Olaug Nilssen

norsk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Olaug Nilssen
Remove ads

Olaug Nilssen (fødd 28. desember 1977)[1] er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa.

Kjappe fakta

Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen[2], der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og var, saman med Gunnhild Øyehaug, redaktør for det no nedlagde litterære tidsskriftet Kraftsentrum.[3] Ho var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 2008 til 2010.[2][3]

Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. Forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor.

Nilssen var festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela i 2006.[4][5]

Få meg på, for faen vart filmatisert i 2011.[5]

Tung tids tale er dramatisert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret og Kilden Teater og Konserthus.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

I bøker - eit utval

  • 2003 Signaler 2003 (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-22333-4  [Av innhaldet: Heimreiser / Olaug Nilssen, s. 111-119]
  • 2004 Nesten! (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-24546-3  [Av innhaldet: Nesten kastar ingen mann av hesten / Olaug Nilssen, s. 303-311]
  • 2006 Quiz for kvasse : 2007 spørsmål fra faktahelvetet (Oslo: Spartacus). ISBN 82-430-0382-7  [Av innhaldet: Olaug Nilssens litterære heltinner / Olaug Nilssen, s. 313-318]
  • 2006 Rosa prosa : om jenter og kåthet (Oslo: Gyldendal). ISBN 82-05-35357-3  [Av innhaldet: Artur og Alma / Olaug Nilssen]
  • 2007 Tilbake til 90-tallet (Oslo: NRK). ISBN 978-82-8178-248-8  [Av innhaldet: Frisyre-triumfering sytten år på etterskot / Olaug Nilssen]
  • 2015 DUS : den unge scenen. 6 (Oslo: Transit). ISBN 978-82-7596-347-3  [Av innhaldet: Jenta som ingen kunne mobbe / Olaug Nilssen]
  • 2022 Hjemmekontoret (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-76059-5  [Redigert av Lars Saaby Christensen. Bidrag frå Olaug Nilssen m.fl.]
  • 2023 Eg vil vere her : dikt til trøyst (Oslo: Samlaget). ISBN 9788234006319  [Redaktør: Olaug Nilssen. Inneheld dikt av m.a. Olaug Nilssen]
  • 2024 Mellom menneske og manus : følelser, etikk og metode i litteraturen (Oslo: Res publica). ISBN 9788282262965  [Bidrag frå Olaug Nilssen m.fl.]

Omsetjingar

  • 2021 Kunsten å feike arabisk : ei forteljing om autisme (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-340-0153-6  [Av Lina Nyman. Omsett frå svensk av Olaug Nilssen]
Remove ads

Prisar og utmerkingar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads