Olav Sunde

From Wikipedia, the free encyclopedia

Olav Sunde
Remove ads

Olav Sunde (17. august 190310. november 1985) var ein norsk spydkastar frå Oslo. Han vann ein OL-bronse i øvinga i 1928 og tok ni NM-titlar.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Sunde, som var son til innflyttarar frå Stryn, faren var lærar, melde seg inn IK Tjalve og tevla for denne klubben i alle sine aktive år. Frå 1927 til 1937 vann han ni av dei elleve norske meistertitlane i spydkasting, åra 1929 og -32 deltok han ikkje.

Sunde vann bronsemedaljen under Sommar-OL 1928 i Amsterdam med eit kast på 63,97 meter. Svenske Erik Lundquist vart olympisk meister med 66,60 m, olympisk rekord, framom Béla Szepes frå Ungarn som fekk notert 65,26 m. Sunde forbetra elles den norske spydrekorden til 65,28 m i OL-sesongen.

Sunde sette sin åttande og siste noregsrekord i spydkast under landskampen mot SverigeBislett stadion 19. juni 1932. Med 67,04 meter vann han ein suveren siger, noregsrekorden stod seg i 14 år. Sunde var norsk flaggberar under Sommar-OL 1932 i Los Angeles, der Noreg stilte med fem utøvarar. I OL-tevlinga enda han elles niandeplass med eit kast på 60,81 meter.

Medaljar i norske meisterskap

  • 1925: Sølvmedalje - 100,48 m (med begge hender)
  • 1926: Sølvmedalje - 109,71 m (med begge hender)
  • 1927: Gullmedalje - 61,66 m (med beste hand)
  • 1928: Gullmedalje - 62,21 m
  • 1930: Gullmedalje - 65,11 m
  • 1931: Gullmedalje - 63,25 m
  • 1933: Gullmedalje - 62,98 m
  • 1934: Gullmedalje - 63,06 m
  • 1935: Gullmedalje - 63,09 m
  • 1936: Gullmedalje - 64,22 m
  • 1937: Gullmedalje - 61,20 m
  • 1939: Sølvmedalje - 61,20 m
Remove ads

Kjelder

  • Raskest, høyest, lengst i 100 år. 1986
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads