Ole Fladager

norsk bilethoggar From Wikipedia, the free encyclopedia

Ole Fladager
Remove ads

Ole Henriksen Fladager (24. august 183217. februar 1871) var ein norsk bilethoggar frå Nord-Aurdal, ein av dei fremste norske skulptørane på 1800-talet.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og gjerning

Fladager var son til ein gardbrukar på garden Flatåker i Nord-Aurdal. Han byrja med treskjering, gjekk deretter på teikneskulen i Christiania. Åra 1853-58 var han elev på kunstakademiet i København og assistent hos professor Herman Bissen.

Etter å ha laga verk over nasjonalromantiske tema reiste han i 1858 til Roma og budde der resten av livet. Sidan arbeidde han helst med religiøse emne, men i alle år nytta han ein klassisistisk stil i utforminga av arbeida sine.

Han laga dåpsenglane i Oslo domkyrkje og Skien kyrkje, og ei byste av statsminister Jørgen Herman Vogt. Dessutan laga han ei dåpsfontene i Ulnes kyrkje i heimbygda Nord-Aurdal. Han tok også del i debatten om Karl Johan-monumentet.

I Roma laga han gravmonumentet til P. A. Munch, som til liks med Fladager sjølv, vart gravlagd der. Både denne marmorbysta og ei av Georg Sverdrup merker «seg ut med ein karakter og ei reisning som er sjeldsynt i tida»[1]

Ei byste av Fladager vart reist på Ivarshaugen i Nord-Aurdal i 1922, etter initiativ frå Valdres historielag. I Oslo er Ole Fladagers gate oppkalla etter han.

Remove ads

Kjelder og notar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads