Oljefat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Oljefat
Remove ads

Oljefat er eit fat som vert nytta til lagring av råolje eller andre produkt frå eit oljeraffineri. Eit standardisert oljefat er opphav til eininga fat. Oljefat vert òg nytta til distribusjon og oppbevaring av flytande smøreprodukt. Tradisjonelle oljefat er framstilt i jern, og kan nyttast til ymse føremal etter at dei er tømd for oljeprodukt. Oljefat kan verta nytta til oppsamling av regnvatn, til forbrenning av avfall, som musikkinstrument og som grill etter å ha vorte delt i to. Kaizers Orchestra er døme på ei musikkgruppe som har oljefat som fast instrument i sine konsertar.

Thumb
Døme på oljefat
Remove ads

Volum

Oljefat i Noreg dei siste tiåra har romma opp til 200 liter væske.

Oljefat i andre tidsaldrar

Frå Det nye testamentet, Lukasevangeliet i historia om «den kloke forvaltaren» finn ein utsegna «Hundre fat olje», og i evangeliet etter Johannes vert anker nytta i forteljinga om bryllupet i Kana. Anker og fat vert rekna som synonym og skal ha romma noko som tilsvarar kring 36 liter.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads