Om folk og hendingar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Om folk og hendingar er ei bok fra 2019 med tekster av Halvor Floden (1884–1956) som først stod på trykk i avisa Østlendingen i 1956–1957.[1] Dette var første gang desse avisstykka var utgjevne i bokform. Boka er utgitt av det vesle Trysil-forlaget Fregn forlag.
Boka er redigert av forlegjaren Bjørn Skaret og Flodens soneson Otto Brun Pedersen. Dei skriv i forordet i boka: «Etter at Halvor Floden hadde gitt frå seg manuset til Ein fjellgard, tok avisa Østlendingen inn ei rad forteljingar av han frå det same miljøet. Det er desse stubbane frå det siste leveåret til forfattaren som no for fyrste gong er samla mellom to permar.» Dei skriv og at artiklane er anekdoter og småhistoriar som han valgte å ikkje ta med i Ein fjellgard.
Stykka i boka er
- De lange murane, om arbeidet med å setje opp skigard for å halde hestar unna engslåttane.[2]
- Dei gamle ljosa.[3]
- Den store baby'n, om mjølkestell før og etter separatoren.[4]
- Storskomakaren.[5]
- Pål skreddar.[6]
- Ein svarting, om feiaren.[7]
- Skinnfellar.[8]
- Gammeljøden, ein «skreppekremmar» eller omvandrande handelsmann.[9]
- Det feite vatnet.[10]
- Han Jon-fabro, om Halvor Flodens gammelonkel Jon (1824-1894).[11]
Boka er illustert av Bård E. Valberg. Valberg legg seg fleire stader tett opp til dei teikningar av Halvor Flodens datter Tora Floden som følgde forteljingane i avisa.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads