Onfim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Onfim (gammalnovgorodisk онѳиме) var ein gut frå Novgorod som etterlet seg ei rekkje neverdokument som har vorte bevarte i leirjord. Han skreiv på den gammalnovgorodiske dialekta av gammalaustslavisk, og skal ha vore mellom seks og sju år gammal då han skreiv verka sine ein gong mellom 1234 og 1268.[1] Verka inkluderer blant anna notata hans, diverse lese- og skriveoppgåver, i tillegg til diverse teikningar av kampscenar, sjølvportrett og teikningar av læraren sin.[2] Dei fleste dokumenta vart funne 13. og 14. juli 1956.[3] Desse vart funne samla, noko som tyder på at han mista alle samla og samtidig.[4] Dokumenta vart gjevne til Det statlege historiske museet i Novgorod, der dei er ein del av den faste samlinga.[5]
Remove ads
Bakgrunn
Då Onfim levde skal det ha vore veldig vanleg å kunne lese og skrive i Republikken Novgorod, sjølv på tvers av både samfunnsklassar og kjønn, samanlikna med resten av Europa.[6] Byen Novgorod er også omringa av bjørkeskogar, og borken frå desse trea har i fleire hundre år vore i bruk som skrivemateriale, ettersom han er mjuk og dimed relativt lett å skrive på.[2] Sidan 1951 har over 1100 neverdokument vorte funne.[7] Dette, i tillegg til den tilsvarande mengda skriveverktøy som også er funne,[7] er ein av grunnane til at det verkar som at Republikken Novgorod hadde ein uvanleg sterk skriftkultur.[2]
Remove ads
Verk av Onfim
Onfim etterlet seg 17 neverdokument. Tolv av desse har illustrasjonar på seg, mens fem av dei har tekst på seg. Ei av teikningane avbildar ein riddar på ein hest som stikk nokon på bakken med ei lanse. Ein går ut frå at riddaren skal vere Onfim sjølv, ettersom namnet hans står skrive til høgre for figuren. Fleire av tekstene er typiske lese- og skriveoppgåver, som viser at han øvde blant anna på å skrive alfabetet, gjenta stavingar, i tillegg til å skrive diverse utdrag frå diverse salmar som han kunne.[7] Tekstene hans inkluderer blant anna frasar som for eksempel «Herre, hjelp din tenar Onfim», men mesteparten av tekstene hans er utdrag frå Salmane,[8] blant anna 6,2 og 27,3.[7]
Teikningane til Omfin inkluderer blant anna riddarar, hestar, pilar og fiendar sigra over i kamp. På dokument nummer 199, eit av bileta som skal avbilde han sjølv forkledd som eit fantasidyr, viser eit bilete av eit dyr med ein lang hals, spisse øre og ein hale. Dyret skal også ha ei pil med fjør på enden i munnen, men det kan også hende at dette skal avbilde at dyret pustar ut eld. Teksta gitt saman med bilete seier «eg er eit villdyr» og «Helsingar frå Onfim til Danilo», som truleg var ein ven eller medelev til Onfim.[7] Talet på fingrar avbilda på teikningane hans varierer mellom tre og åtte per hand, kanskje fordi han ikkje hadde lært å telle endå.[9]
På den andre siden av dokument nummer 199 er det ei alfabetoppgåve. På dokument nummer 205 skreiv Onfim ut det kyrilliske alfabetet og signerte det med «On[f]».[7] Under det er ei teikning som ein går ut frå er ein båt med årar.[7] Dokument nummer 204 har endå ein alfabetoppgåve og avbildar Onfim og fleire av venane hans.[10]
I tillegg til at tekstene hans viser korleis utdanning foregjekk i Novgorod, har tekstene hans også verdi frå eit lingvistisk perspektiv. I teksta han sjølv skriv brukar Onfim aldri bokstavane ъ og ь; dei vart konsekvent erstatta med о og е, til trass for at han skriv ъ og ь i alfabetoppgåvene sine. Dette tyder på at uttalen til ъ og ь har falle saman med о og е. ъ og ь førekom framleis, men berre i tekster skrivne i eit høgare register. For enkle og uformelle neverdokument, var tydelegvis dette ortografiske skiljet ikkje verdt å få fram. Men trass i dette, vart Onfim lært opp til å kunne dei gamle bokstavane også, for å også kunne lese eldre tekster.[11]
Remove ads
Galleri
- Dokument nummer 199, med «ѧ ꙁвѣре» ('eg er eit villdyr') skrive midt på.
- Dokument nummer 200 skal vere eit sjølvportrett som avbildar Onfim som riddar, med namnet hans «онѳиме» skrive til høgre for hovudfiguren i teikninga.
- Dokument nummer 201 inneheld alfabetet og diverse stavingar. Denne kan ha tilhøyrt ein medelev av Onfim.
- Diverse andre teikningar.
Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads