Only Daddy That'll Walk the Line
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Only Daddy That'll Walk the Line» er ein song skriven av Jimmy Bryant. Han vart opphavleg spelt inn av den amerikanske countrysongaren Jim Alley,[2] men gjort kjend av countrymusikaren Waylon Jennings.
Remove ads
Waylon Jennings-versjonen
Jennings spelte inn songen 16. april 1968 i RCA Victor Studios i Nashville med Chet Atkins som produsent.[3] Han kom ut i juli 1968 som den andre singelen frå Jennings-albumet Only the Greatest.[4]
Billboard skreiv i meldinga si om albumet at både albumet og «Walk On Out of My Mind» var «typiske for den robuste og overtydande vokalstilen hans.»[5] Nathan Brackett og Christian Hoard i The New Rolling Stone Album Guide skreiv at Jennings «verkeleg byrjar å hevde den grovhogde følsemda si» på songen.[6]
Songen var med i sesong sju episode fem av Mad Men.
Salslister
Songen låg 18 veker inne på Hot Country Singles-lista og låg på andreplassen i fem veker.[1] I Canada gjekk songen til topps på RPM Country Tracks-lista i veka som enda 30. september 1968.[7]
Remove ads
Linda Ronstadt-versjonen
Linda Ronstadt spelte inn ein kjønnsomvendt versjon av songen (sungen som «The Only Mama That'll Walk the Line») i 1969 på albumet hennar Hand Sown ... Home Grown. Songen vart fast på konsertane til Ronstadt dei neste åra. Ho framførte han på The Johnny Cash Show i juni 1969 nesten eitt år før Jennings gjorde det same på same showet.
Hank Williams jr.-versjonen
Hank Williams Jr. spelte inn ein versjon av songen på albumet sitt Family Tradition, som kom ut i 1979.
The Kentucky Headhunters-versjonen
I 1991 spelte The Kentucky Headhunters inn ein versjon for albumet Electric Barnyard. Dei gav han ut på singel same året, som då låg sju veker på countrylista og nådde 60. plassen.
Salslister
Remove ads
Norsk versjon
Rudi Nelson skreiv ein norsk tekst til songen, som fekk tittelen «Han er ikkje god». Songen kom ut på Rudi Nelson-albumet Langs Norskekysten i 2014.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads