Open Your Eyes av Yes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Open Your Eyes er det femtande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1997. Dette er det første albumet der Billy Sherwood medverkar som fulltidsmedlem av bandet etter at Rick Wakeman forlet bandet tidleg i 1997. Dette er òg det første albumet der Igor Khorosjev medverkar, her berre som studiomusikar.
Albumet kom på 151. plass på Billboard 200 i USA.
Remove ads
Bakgrunn
Opphavleg vart innspelingane starta som eit samarbeide mellom Chris Squire og Billy Sherwood, men Jon Anderson vart såpass imponert over materialet at han ynskte å synge på albumet. Etter kvart kom òg Steve Howe og Alan White med i prosjektet, og ein avgjorde at dette skulle bli det neste Yes-albumet.
Trass i entusiasmen til medlemmane for materialet, var dei ikkje nøgd med sluttresultatet. Det vart i følgje Anderson og Howe for kommersielt og lett, noko dei sjølv tok ein god del av skulda for. Verken publikum eller kritikarar var særleg imponert over utgjevinga, og albumet vart straks rekna som eit av dei svakaste til bandet, sjølv om det finst einskilde lyspunkt her òg.
Roger Dean står nok ein gong bak platecoveret, denne gongen med eit noko minimalistisk bidrag. Coveret består av den klassiske Yes-logoen i raude nyansar på svart bakgrunn.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Jon Anderson, Steve Howe, Billy Sherwood, Chris Squire og Alan White.
- Spora «The Solution» og «The Source» er ikkje delt opp, men er eit 23 minutt og 47 sekund samanhengande spor. «The Source» består først av to minutt med stille, så 16 minutt og 21 sekund med naturlydar og eit lydcollage med korte acapella-versjonar av dei øvrige songane på albumet.
Remove ads
Medverkande
- Jon Anderson – vokal
- Chris Squire – bass, vokal, munnspel
- Steve Howe – elektrisk og akustisk gitar, banjo, mandolin, vokal
- Billy Sherwood – keyboard, gitar, vokal
- Alan White – trommer, perkusjon
Studiomusikarar
- Igor Khoroshev – keyboard på spor 1, 4 og 5
- Steve Porcaro – keyboard på spor 2
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads