Operasjon Fieldfare
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Operasjon Fieldfare er namnet på ein norsk sabotasjeaksjon leidd av fenrik Joachim Rønneberg i Tafjordfjella på Sunnmøre mot slutten av andre verdskrigen. Operasjonen var i regi av dei britiske spesialstyrkene Special Operations Executive (SOE).[1] Målet med aksjonen var å rekognosera og førebu åtak på tyske forsyningslinjer i Romsdalen med Raumabanen. Stuguflåtbrua vart sprengt i januar 1945.
Rønneberg, Straumheim og Aarsæther vart i mars 1944 sloppe i fallskjerm og landa ved Veltdalen, 20 km lengre vest enn planlagt. Dei fann at ut Veltdalen var like gunstig som Tordsvatnet ved Sponga der dei opphavleg hadde planlagt å vera. Dei låg først i telt og deretter i ei hytte som tilhøyrde Tafjord Kraft. Fieldfare-hytta vart snikra saman av kassematerialar frå anlegget til kraftverket i Veltdalen. Dei vitja òg turisthyttene Reindalsseter, Puttbua og Friisbu. Fieldfare-hytta ligg ved ein bratt hammar berre nokon hundre meter frå Veltdalshytta. Vintermånadane var innetemperaturen sjeldan over null gradar. Fieldfare-hytta har Rønneberg vore med å rekonstruera for å gje eit bilete av korleis motstandsmennene budde under krigen.[2]
Dei andre deltakarane var Birger Straumheim og Olav Aarsæther.[3]
Remove ads
Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads