Oreadar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oreadar er ei biologisk slekt Oreotrochilus av kolibriar med sju medlemmer som alle lever høgt i Andesfjella frå det ekstremt sørlege Colombia i nord, sørover langs Andes og inn i Santa Cruz-provinsen i Argentina, delvis òg over grensa til Chile.
Fellesnemninga «oreade» i dei norske artsnamna er frå gresk mytologi som ei nemning for fjellnymfe.[1]
Remove ads
Skildring
Oreadar er typisk mellom 13 og 15 centimeter lange med ganske lange, svakt bua svarte nebb. Hannen har vanlegvis ein iriserande grøn strupe og hals, eller blålilla hos vulkanoreade, med matt grønaktig overside og bleike flankar. Ei sentral stripe eller ein flekk på undersida er vanlegvis svart, men er brun hos andesoreaden. Halen er vanlegvis mørk med eit kontrasterande kvitt mønster; mønsteret er kanelfarga hos brunoreade, og halen er heilt mørk hos svartbrystoreade. Hoa er mattare, med ein kvitaktig strupe tett flekka; med grøn, kvit, brun eller kanelfarga underside, og ein mørk hale med eit kvitt mønster.
Åtferd
Desse svært territoriale kolibriane finst i tempererte og alpine grassletter, kratt og skog i høgder frå 1200 opp til 5200 meter over havet.[2] Ein har observert hekking av vulkanoreade opp til ca. 5000 moh. i klippevegger i Cotopaxi.[3] Mange oreadar lever hovudsakleg av nektar frå artar i planteslekta Chuquiraga i korgplantefamilien, og nokre artar kan vere avgrensa til dei.[4]
Slekta har gått gjennom allopatrisk artsdanning.
Remove ads
Galleri
- Punaoreade, Oreotrochilus leucopleurusFoto: Gabriel Barrera Maffioletti
- Vulkanoreade, Oreotrochilus chimborazo, Papallacta Pass, Cayambe-Coca naturreservat, EcuadorFoto: Joseph C Boone
- Blåstrupeoreade, Oreotrochilus cyanolaemus, Cerro de Arcos, El Oro, Ecuador.Foto: Nick Athanas
- Grønhovudoreade, Oreotrochilus stolzmanni, Cordillera Huayhuash, Peru
- Svartbrystoreade, Oreotrochilus melanogaster,Foto: Thibaud Aronson
- Brunoreade, Oreotrochilus adela, hofugl, Yavi, Argentina,Foto: Ron Knight
Remove ads
Artslista
Oreadar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]
- Andesoreade, Oreotrochilus estella, Andean hillstar, (d'Orbigny, 1838), (LC)
- 13-15 cm, lever frå Sør-Peru gjennom Bolivia og litt inn i Argentina.[8]
- Punaoreade, Oreotrochilus leucopleurus, White-sided hillstar, Gould, 1847, (LC)
- 13-15 cm, lever frå sørlegaste Bolivia gjennon Argentina til Santa Cruz-provinsen, delvis inn i Chile.[9]
- Vulkanoreade, Oreotrochilus chimborazo, Ecuadorian hillstar, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
- 13 cm, hannar har lilla strupeflekk og lilla til blått hovud. Ecuador.[10]
- Blåstrupeoreade, Oreotrochilus cyanolaemus, Blue-throated hillstar, Sornoza-Molina, Freile, Nilsson, J, Krabbe & Bonaccorso, 2018, (CR)
- 11-12 cm, hovud og overside hos hannar grøn, lever i små avgrensa område totalt mindre enn 100 km² i sørlege Ecuador.[11]
- Grønhovudoreade, Oreotrochilus stolzmanni, Green-headed hillstar, Salvin, 1895, (LC)
- Svartbrystoreade, Oreotrochilus melanogaster, Black-breasted hillstar, Gould, 1847, (LC)
- 13-14 cm, den sentrale stripa på undersida dekker hele brystet og buken med flankar hos hannar. Leveområde sentralt i Peru.[13]
- Brunoreade, Oreotrochilus adela, Wedge-tailed hillstar, (d'Orbigny, 1838), (LC)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads