Orkdal kommune

tidlegare kommune i Trøndelag From Wikipedia, the free encyclopedia

Orkdal kommune
Remove ads

Orkdal er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Han grensa til Snillfjord og Agdenes i nord, Hemne i vest, Meldal og Rindal (i Møre og Romsdal) i sør og mot Melhus og Skaun i aust. I 2020 blei kommunen slått saman med Meldal, Agdenes og ein del av Snillfjord til nye Orkland kommune.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Tettstader i Orkdal var Orkanger, Gjølme, Fannrem, Vormstad og Svorkmo. Orkanger var regionsenter for kommunane rundt.[1]

Personar som kjem frå tidlegare Orkdal kommune blir kalla for orkdalingar.

Remove ads

Geografi

Elva Orkla renn gjennom kommuneområdet og ut i Orkdalsfjorden ved Orkanger. Orkdalsfjorden er ein sidefjord til Trondheimsfjorden.

Det er mykje dyrka mark i Orkdal. Ho finst hovudsakleg i botnen av dalen og på store, flate avsatsar eit stykke oppe i dalsidene. På lokal dialekt blir ein slik avsats kalla ein «jår», og i Orkdal er det seks «jårar»; Ustjåren, Berbusjåren, Kvålsjåren, Togstadjåren, Monsetjåren og Fossjåren.

Elvar, fjell og vatn i Orkdal

Remove ads

Næringsliv

Orkanger ligg industriområdet Grønøra. Dette er eit av dei største industriknutepunkta ved Trondheimsfjorden.

Utdanning

Helse

Orkdal sjukehus er lokalsjukehus for regionen. Det heitte tidlegare Orkdal Sanitetsforenings Sjukehus og var eigd av den lokale sanitetsforeininga, men er i dag ei avdeling under St. Olavs hospital.

Verdt å sjå

Thamshavnbanen frå Løkken Verk i Meldal og ned til Trondheimsfjorden i Orkdal kommune er no nedlagt, men ei kortare strekning er gjenopna for turistar.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i kommunen var stasjonsområdet på Fannrem. Dette inkluderer gamle Fannrem jernbanestasjon, Stasjonsparken, samt den gamle brannstasjonen.

I parken er det bygd musikkpaviljong, leikeapparat, bord og benkar. Sentralt plassert i parken er skulpturen «Go'foten», eit handfast bevis på Nils Arne Eggen sin «godfotteori». Tusenårstreet til kommunen er òg planta her.

Tusenårsstaden er hyppig bruka til ulike arrangement og føremål gjennom året: Parkrennet, 17. mai-feiring, Stasjonsdagen, Husflidsdagen, Oktoberfestivalen, julegrantenning, veteranbilutstilling, museumsjarnbane, husflid med meir.

Fannrem Velforening har ansvaret for den daglege drifta og vedlikehaldet av staden.

Remove ads

Bilete

Kjende orkdalingar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads