Oselvarverkstaden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Oselvarverkstaden er ei stifting som Os kommune (i dag Bjørnafjorden) sør for Bergen, Hordaland fylkeskommune (i dag Vestland) og Os båtbyggjarlag står bak. Føremålet er å ta vare på handverkskunnskapen, og både kommunen og fylkeskommunen yter tilskot til drifta, slik at verkstaden kan bruka mykje tid på kunnskapsoverføring og tileigning.

Oselvarverkstaden, som ligg på Osøyro attmed Oselvo, har namn etter båttypen oselvar, og kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. Ti lærlingar (2025) har tatt fagprøven sin på verkstaden, to av dei er i dag fast tilsette som båtbyggjarar. Desse båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein meir enn 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Bjørnafjorden. I 2024 er det bygd 120 oselvarar på verkstaden.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads