Oslo domprosti
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oslo domprosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner sentrale delar av Oslo og er eitt av fem prosti som dekkjer Oslo kommune. Sidan prostiet er knytt til Oslo domkyrkje, er det leia av ein domprost.

Sokn
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Prostiet har pr. 2014 åtte sokn, etter ei større endring med fleire samanslåingar i 2013. Då vart Gamlebyen sokn og Grønland sokn slått saman til eitt sokn, og Gamle Aker sokn, Lovisenberg sokn, Markus sokn, Oslo Domkyrkje sokn og Trefoldighet sokn vart slegne saman til Sentrum og St. Hanshaugen sokn.[1]
Remove ads
Prestegjeld
Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Oslo Domprosti desse prestegjelda:
- Oslo Domkyrkje prestegjeld med
- Oslo domkyrkje sokn
- Frogner prestegjeld med
- Frogner sokn
- Bygdøy sokn
- Uranienborg prestegjeld med
- Uranienborg sokn
- Fagerborg prestegjeldmed
- Fagerborg sokn
- Markus prestegjeld med
- Markus sokn
- Gamle Aker prestegjeld med
- Gamle Aker sokn med Gamle Aker kyrkje
- Grønland prestegjeld med
- Grønland sokn
- Kampen prestegjeld med
- Kampen sokn
- Vålerengen prestegjeld med
- Vålerenga sokn
- Gamlebyen sokn
Remove ads
Sjå òg
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads