Oslomet – storbyuniversitetet

universitet i Oslo og Akershus i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Oslomet – storbyuniversitetet
Remove ads

Oslomet – storbyuniversitetet (tidlegare Høgskulen i Oslo og Akershus) er eit norsk statleg universitet med studiestadar i Oslo og på Kjeller i kommunane Oslo og Lillestrøm, og med kring 1 400 akademisk tilsette, kring 20 000 studentar og kring 800 teknisk-administrativt tilsette. Høgskulen i Oslo og Akershus var tidlegare den største høgskulen i Noreg og fekk status som universitet i 2018. Språkrådet tilrår skrivemåten Oslomet – storbyuniversitetet på nynorsk og bokmål.[1][2]

Kjappe fakta Grunnlagt, Type ...
Remove ads

Historie

Styra ved Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus vedtok 9. desember 2010 å slå dei to institusjonane saman. Opprettinga av Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) vart vedtatt i statsråd 21. januar 2011. Den nye høgskulen blei offisielt opna 1. august same året.

I 2014 og 2016 vart dei tidlegare sjølvstendige statlege forskingsinstitutta Arbeidsforskningsinstituttet, Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, Norsk institutt for by- og regionforskning og Statens institutt for forbruksforskning slått saman med HIOA i ei eiga eining, Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA).[3]

Universitetsakkreditering

HiOA leverte 22. februar 2017 søknad om universitetsakkreditering til NOKUT, med mål om å oppnå universitetsstatus innan kort tid.[4] HiOA sende den endelege søknaden til Kunnskapsdepartementet 15. desember 2017, etter at NOKUT hadde konkludert med at institusjonen oppfylte vilkåra for universitetsstatus. 12. januar 2018 vedtok regjeringa å tildele høgskulen universitetsstatus gjeldande frå same dag.[5]

Namn

Den dåverande høgskulen gjennomførte ein lengre prosess om namneval ved vellykka universitetssøknad, der namna Aker universitet, Nova universitet og Profesjonsuniversitetet var dei opphavlege finalistane. Seinare vart namnet «OsloMet – storbyuniversitetet» lansert av rektor Curt Rice, og høgskulestyret vedtok å foreslå dette namnet med denne skrivemåten overfor Kunnskapsdepartementet med knappast mogleg fleirtal (6 mot 5).[6] Namnet vart kritisert av Språkrådet og andre.[7] 18. januar 2018 uttalte Språkrådet at den korrekte skrivemåten for namnet etter offisiell rettskriving er «Oslomet – storbyuniversitetet», og tilrådde alle å bruka denne skrivemåten. Namnet er skrive slik i den offisielle lista over namn på statsorgan.[8][9][10] Språkdirektør Åse Wetås uttalte at «det er i strid med norske rettskrivingsreglar med store bokstavar midt i ord eller namn. Oslomet er ein statleg institusjon som skal følgja rettskrivingsreglar».[10] Språkrådet presiserte at offentleg tilsette er forplikta til å skriva namnet Oslomet – storbyuniversitetet i tråd med offisiell rettskriving som fastsett av Språkrådet.[11] I 2019 la kulturminister Trine Skei Grande fram forslag til ny språklov som gav Språkrådet styresmakt til å forby uheldige namn på statlege organ, og nemnde Oslomet som døme i media. Kulturministeren uttalte at «statsorgan må følgja norske rettskrivingsreglar» og at ho «håpar å setja ein standard»; ho presiserte at lova ikkje vil få tilbakeverkande kraft for institusjonar som Oslomet, men at det «går jo an å tenkja seg om ein gong til».[12][13] Prop. 108 L uttalte at det i gjeldande rett «må reknast som ein bindande føresetnad at namn på statlege institusjonar skal følgja offisielle rettskrivings- og skrivereglar».[14] I språklova som tredde i kraft i 2022 fastslår § 19 at det er Språkrådet som forvaltar den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk, medan § 10 fastslår at «offentlege organ skal følgja den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk» og vidare at også namnet til institusjonane «skal følgja offisiell rettskriving».[15] Dette inneber at Oslomet og andre offentlege verksemder er lovpålagt å skriva namnet Oslomet med liten «m» fordi denne rettskrivinga er fastsett av Språkrådet i medhald av lova.[16] Ein leiarartikkel i Aftenposten i 2021 påpeika at «framleis bruker institusjonen sjølv skrivemåten OsloMet, i strid med norske rettskrivingsreglar. Dette liknar logospråk av typen ’iPhone’ eller ’WhatsApp’».[17] I 2022 uttalte språkdirektør Åse Wetås at namnet Oslomet ikkje ville vorte godkjend etter at språklova tredde i kraft fordi det ikkje oppfyller kvalitetskravet i lova til gode norske namn.[18]

Remove ads

Plassering

Oslomet har to studiestader: Studiestad Pilestredet (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass) og studiestad Kjeller.[19] Frå 2014 til 2021 hadde dei også studiestad i Sandvika (Kunnskapssenteret i Sandvika).[20]

Studietilbod

Dei fleste av studietilboda ved høgskulen er profesjonsutdanningar. Høgskolen har halvårs- og årsstudium, over 50 bachelorstudium, 25 masterstudium og ei rekke etter- og vidareutdanningstilbod. I tillegg har Oslomet fem doktorgradsprogram og eit førstelektorprogram.[21]

Organisering

Universitetet har 4 fakultet med i alt 20 institutt.

  • Fakultet for helsefag
    • Institutt for åtferdsvitskap
    • Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi
    • Institutt for naturvitskaplege helsefag
    • Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid
  • Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium
    • Institutt for barnehagelærarutdanning
    • Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning
    • Institutt for internasjonale studium og tolkeutdanning
    • Institutt for yrkesfaglærarutdanning
    • Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO)
  • Fakultet for samfunnsvitskap
    • Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag
    • Institutt for journalistikk og mediefag
    • Institutt for sosialfag
    • Handelshøgskolen
    • Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)
  • Fakultet for teknologi, kunst og design
    • Institutt for bygg- og energiteknikk
    • Institutt for estetiske fag
    • Institutt for maskin, elektronikk og kjemi
    • Institutt for informasjonsteknologi
    • Institutt for produktdesign

I tillegg finst det fleire forskingsinstitutt og senter som ikkje høyrer under fakulteta:

  • Senter for profesjonsforskning (SPS)
  • Senter for velferds- og arbeidslivsforskning
    • Arbeidsforskningsinstituttet AFI
    • By- og regionforskningsinstituttet NIBR
    • Forbruksforskningsinstituttet SIFO
    • Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Remove ads

Rektorar

Kari Toverud Jensen var fyrste rektor ved den sammenslåtte Høgskolen i Oslo og Akershus 2011–2015. Curt Rice vart tilsett på åremål som rektor ved HiOA/Oslomet for perioden 2015–2019,[22] og fekk fornya dette frå 2019 fram til 2023.[23] I 2021 sa Rice opp midt i perioden for å bli rektor ved NMBU og Nina Waaler var fungerande rektor frå 1. august fram til 1. mars 2022.[24] Då tiltredde nytilsett rektor Christen Krogh i ei åremålsstilling fram til 2027.[24]

Universitetsleiinga omfattar i tillegg til rektor tre prorektorar: prorektor for utdanning, prorektor for forsking og utvikling, og prorektor for samfunnsforbedringar og samarbeid.[25]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads