Oselvo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Oselvo
Remove ads

Oselvo er elva som renn gjennom Bjørnafjorden kommune og sørlege delar av Bergen kommune i Fana i Vestland. Namnet vert brukt på fleire strekningar av Oselvvassdraget, som renn frå Samdalsvatnet og gjennom fleire små vatn før det munnar ut på Osøyro. Oppfor Samdalsvatnet heiter elva Samdalselva og Hausdalselva, som har kjelda si på Gullfjellet

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Elva er 29 km lang og har eit nedslagsfelt som dekkjer 110 km².

Remove ads

Om namnet

Namnet på elva har ei lett sirkulær historie.

Garden som låg ved elveosen, fekk det naturlege namnet Os. Der budde dei første prestane, og der vart den første kyrkja i bygda bygd omkring 1050.

Kommunen Os fekk namn etter denne sentrale garden, og elva som renn gjennom kommunen og renn ut i sjøen på ei øyr på garden Os, fekk namn etter same staden, og heiter difor Oselvo.

Båtane som vart bygde i nokre naust ved elva, fekk namnet oselvarar.

Remove ads

Fiske

Oselvo er mellom dei beste elvene i Hordaland og er attraktiv for sportsfiskarar. Elva er spesielt kjend for laksen sin tidlege oppvandring i elva.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads