Otoskop

From Wikipedia, the free encyclopedia

Otoskop
Remove ads

Otoskop (av gr. oto, som vedkjem øyret, og gr. skopein, undersøkja) er eit medisinsk instrument som ved hjelp av ei lyskjelde vert brukt til å undersøkja øyret. Gjennom instrumentet kan ein få oversyn over øyregangen og trommehinna. Dei fleste otoskop kan ved hjelp av ein påsett gummiballong blåsa luft inn i øyregangen slik at ein lækjar kan få undersøkt rørleiken til trommehinna. Dette kan seia noko om visse tilstandar i mellomøyret.

Thumb
Oftalmoskop (til venstre) og otoskop til høgre)

Undersøking av øyret med dette instrumentet vert kalla otoskopi. Instrumentet vert ofte levert saman med eit oftalmoskop, eit instrument for undersøking av auga, då desse to instrumenta kan nytta det same handtaket.

Remove ads

Sjå òg

Siegles trakt


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads