Oud
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oud (uttalt 'od') er ein korthalsa lutt som stammer frå Midt-Austen. Instrumentet spreidde seg i Middelhavslanda og er ofte rekna som opphavet til den europeiske lutten. Han kan spelast som soloinstrument eller saman med song.

- For elva også kalla Oud, sjå Oust.
Remove ads
Skildring
Ouden har fire eller fem strengekor. Fram til 800-talet hadde han fire enkle strengar, men deretter tok ein i bruk dobbeltstrengar, ofte også med ein bass-streng. Til forskjell frå lutt har han ingen strengebånd. Ein speler oud med eit fleksibelt plekter som er 10-15 cm langt.
Det finst tre hovudtypar av oud: Arabisk oud er den største, og finst i egyptiske, syriske og irakiske variantar. Tyrkisk oud er litt mindre, med noko kortare hals. Han er kjend som outi i Hellas, og finst også i Armenia. Persisk oud, kjend som barbat, er endå litt mindre, og har ofte strengeband. Ein bruker også oud i aserbajdsjansk musikk.
Remove ads
Speling
Arabisk oud er tradisjonelt stemt i G - A - D - G - C med ein ekstra bass-streng i C eller E. Tyrkisk stemming er D - A - E - H - A - E. Det blir også brukt mange variantar utover desse grunnstemmingane. Fleirtona element blir danna gjennom at ein veskler raskt mellom høge og djupe tonar.
Rabih Abou-Khalil, Anouar Brahem og Marcel Khalifé er nokre kjende oud-spelarar.
Påverknad på andre instrument
Ouden blei innført i Spania av maurarane, og danna dermed grunnlaget for utviklinga av den europeiske lutten. Han hadde også mykje å seia for utviklinga av gitaren.
Kjelder
- «Oud» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Oud» frå Wikipedia på bokmål, og «Oud» frå Wikipedia på engelsk den 17. august 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads