Out Stack

From Wikipedia, the free encyclopedia

Out Stackmap
Remove ads

Out Stack, eller Oosta, er ei lita øy på Shetland i Skottland. Ho er den aller nordlegaste av dei britiske øyene, og ligg like nordom Muckle Flugga og 3 km nordom øya Unst. Out Stack høyrer med til naturreservatet Hermaness.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Thumb
Out Stack sett frå Muckle Flugga
Foto: Mike Pennington

Out Stack har vorte omtala som «the full stop at the end of Britain» ('punktumet på enden av Storbritannia', og er ikkje særleg meir enn eit skjer. Det har aldri budd folk der.

Lady Jane Franklin, kona til arktisutforskaren John Franklin, reiste til Out Stack i 1850-åra. Det var det nærast ho kunne kome den sakna mannen sin. Det finst ikkje land i ei rett line mellom Out Stack og Nordpolen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads