Muckle Flugga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Muckle Flugga er ei lita brattlend og steinete øy nordom Unst på Shetland i Skottland. Ho vert ofte omtala som det nordlegaste punktet på dei britiske øyene, men holmen Out Stack ligg endå litt lenger nord. Muckle Flugga var lenge det nordlegaste staden på dei britiske øyene der det budde folk, men det tok slutt då fyret på øya var automatisert og avfolka i 1995.

(Foto: John Dally)

(Foto: Bob Embleton)

(Foto: Mike Pennington)

(Foto: Mike Pennington)
Namnet kjem av norrønt Mikla Flugey, som tyder 'Store Flogøy' ('den store av øyene med dei stupbratte sidene'). Øya heitte lenge North Unst, men i 1964 vart namnet endra til Muckle Flugga.[1]
Etter lokale segn og folketru skal Muckle Flugga og Out Stack ha kome til då to risar, kalla Herma og Saxa, begge forelska seg i same havfrua. I kampen om henne heiv dei store steinar etter einannan, og ein av desse skal ha vorte til Muckle Flugga. For å kvitte seg med dei sa ho at ho ville gifte seg med den av dei som klarde å fylgje henne til Nordpolen. Begge skal ha lagd etter henne nordover, men sidan ingen av dei kunne symje drukna dei begge og ho var kvitt riseplaga.
Remove ads
Fyrtårnet
Andre nettstader
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads