Over You
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Over You» er ein song og ein singel av det britiske bandet Roxy Music. Han kom ut i 1980 på albumet Flesh and Blood. Songen nådde 5. plass på den britiske singellista.
Phil Manzanera fortel: «I 1979 hadde eg nettopp bygd det første platestudioet mitt og eg ringte Brian og spurte om han hadde lyst å komme å sjå. Vi byrja å jamme i lag, Bryan på bass og eg på gitar med ein rytmeboks. Etter fem minuttar hadde me skrive denne songen og han nådde 3. plass på lista.»[1]
B-sida til singelen i alle land (bortsett frå USA) var ei nyinnspeling av tittelsporet frå Manifesto frå 1979. Den nye versjonen hadde eit nytt arrangement med kortare intro og tekst som var broten opp i fleire vers, medan originale gjekk kontinuerleg.
Remove ads
Medverkande
- Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, piano
- Phil Manzanera – gitar, bass
- Andy Mackay – saksofonar og obo
- Allan Schwartzberg – trommer
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads