Overdriving

From Wikipedia, the free encyclopedia

Overdriving
Remove ads

Overdriving er representasjonen av noko som meir ekstremt eller dramatisk enn det er, anten utilsikta eller med vilje. Det kan vera eit retorisk verkemiddel eller ei taleform, brukt til å vekka sterke kjensler eller til å skapa eit sterkt inntrykk.

Thumb
Karikatur frå 1827 som gjer narr av hårmoten i samtida ved hjelp av overdriving.

I kunst kan overdriving nyttast for å skapa vekt eller effekt. Som litterært verkemiddel blir overdriving nytta i ulike sjangrar som poesi, drama og ulike humoritiske sjangrar, og finst også ofte i daglegtale.[1] Mange gonger kan ein nytta det for å omtala noko som betre eller verre enn det eigentleg er.[2] Eit døme på hyperbol er ei utsegn som at «sekken vog eit tonn,»[3] for å syna at han kjendest svært tung, sjølv om han ikkje vog eit heilt tonn.

Overdriving kan òg vera ein type lureri,[4] og eit middel til å forstørre små skader eller problem som unnskyldning for å unngå ansvar.[5]

Remove ads

I kulturen

Thumb
Den skrytande soldaten Pyrgopolynices i ein produksjon av Miles Gloriosus i 2012.

Overdrivaren har vore ein kjend figur i vestleg kultur minst sidan Aristoteles diskuterte dramarolla alazon.[6]

Sjølv om han fyrst og fremst var ein komisk figur, kan den skrytende alazonen òg vera ein aspekt av den tragiske helten: trekk frå Miles gloriosus («Den skrytande soldaten ») i Tamburlaine av Christopher Marlowe, eller tilmed i Shakespeare-stykket Othello, er blitt nemnde, nett som den besette filosofen i Faustus og Hamlet.[7]

Lygesoger er ein type litteratur som ofte gjer bruk av overdriving.

Humor

Karikatur er ein type portrett som overdriv eller forvrengjer essensen til ein person eller ting for å skapa ein lett identifiserbar visuell likskap. I litteraturen er karikaturen ei skildring av ein person som bruker overdriving av nokre karaktertrekk og forenkling av andre.

Slapstick er ei form for humor som involverer overdriven fysisk aktivitet som overgår grensene til sunn fornuft.[8][9][10] Desse overdrivne framstillingane finn ein ofte i teiknefilmar og filmkomediar som er retta mot eit yngre publikum.

Overdriving er ein effekt som er særleg nyttig for animasjon, ettersom ei perfekt etterlikning av røyndommen kan sjå statisk og daud ut i teiknefilm.[11] Graden av overdriving er avhengig av om ein søkjer realisme eller ein viss stil, som karikatur eller stilen til ein viss artist. Den klassiske definisjonen av overdriving, brukt av Disney, var å vera tru mot røyndommen, men å presentera han i ei villare, meir ekstrem form.[12] Andre former for overdriving kan involvera det overnaturlege eller surrealistiske, endringar i fysiske karaktertrekk; eller element i forteljinga sjølv.[13] Det er viktig å ha ei viss måte å bedøve på når det blir brukt overdriving. Dersom ein scene inneheld fleire element, skal det vera ein balanse i korleis desse elementa blir overdrivne i forhold til kvarandre, for å unngå å forvirra eller overvelda sjåaren.[14]

Remove ads

I samfunnet

Thumb
Overdriving om faren ved kinesisk innvandring til USA: 'small pox', 'immorality' og 'ruin to white labor.'

Journalistikk

Schopenhauer såg overdriving som essensielt for journalistikk.[15] Han kan ha overdrive, men «den gule pressa» bygde på overdriving,[16] og faktasjekk og uavhengig verifikasjon har ikkje lukkast i å undertrykke klikkfang eller overdrivne overskrifter.[17]

Politikk

Thumb
Før valet i 1800 åtvara forkjemparar for John Adams om kva som ville skje om Thomas Jefferson vann valet: «murder, robbery, rape, adultery and incest will openly be taught and practiced».[18]

Politikarar kan overdriva.[19] Under valprosessar kan ein forventa overdriving.[20] Utanfor desse kan propaganda styrkja ein sitjande posisjon.[21]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads