Overhalla kommune
kommune i Trøndelag From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Overhalla er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar i nord mot Fosnes og Høylandet, i aust mot Grong, i sør mot Snåsa og Steinkjer og i vest mot Namsos. Administrasjonssenter er Ranemsletta. Laksefiskeelva Namsen og sideelva Bjøra, der kong Harald fiskar laks, renn gjennom Overhalla. Kommunevåpenet er på gylden botn med sju raude, utsvinga kross i ring, og våpenet er avleia av eit stempel som bøndene i Efri Halfua prega eit pergament med i samband med hyllinga av Håkon VI Magnusson i 1344. I kommunen ligg to kyrkjer, Ranem og Skage.
Remove ads
Historie
Det er gjort funn frå steinaldertida i det som i dag er Overhalla, mellom anna i form av skiferknivar. 800 gravhaugar er registrerte i Overhalla,[1] og 500 av desse er storhaugar. Dei mest kjende av desse ligg på Bertnem, der det i Merovingartida var eit namdalsk sete for høvdingar av Ynglingeætta. Det er gjort funn av hustufter i nærleiken av Bertnemshaugane, dei eldste av desse langhusa på 40 gonger 8 meter frå år 150-200 e.Kr.[2]
Ved rikssamlinga kring tusentalet vart området som i dag vert kalla Namdalen delt opp i to syssel: Nidri og Efri Halfua, nedre og øvre halvdel. Dette vart òg prestegjeld, med kvar seg Nærøy og Ranum som senter. Efri halfua vart etterkvart brukt både i geistleg og verdsleg administrasjon. Det geografiske området som bar namnet skrumpa derimot stadig inn, til det vart avgrensa for bygda kring Ranem kyrkje. I 1917 vart namnet fastsett til Overhalla ved kongeleg resolusjon.[3] Namnet «Dalen» skal likevel ha vore eit eldre namn for ein del av det området som i dag utgjer Overhalla. Ein møter dette namnet i skriftlege kjelder på 1500-talet, mellom anna i Gaandske Nommedalls leens beskriffuelse aar 1597, der det blir tala om «Offuer halltz gield, eller Dallen».[4]
Allereie i sagaene møter ein overhallningar. Landnåmsmannen Torstein Kvite på Island skal nemleg ha vore frå Overhalla, rettare sagt Almdolum.[5] I Ågrip møter ein dessutan soga om Igda, ei dronning frå ein kongsgard på Øvre Veglo, som drukna seg i ein bekk her.[6] Elles er den første skriftlege kjelda der Overhalla blir nemnd eit mellomalderdiplom frå 5. april 1309, gjeldande eit hæroppbod mot Jemtland frå «æfra haulfu j Naumadale».[7]
På Melen under Hallvardmo ved Namsen har det truleg vore marknad langt tilbake i tid. Sikre prov finst ikkje før frå 1600-talet.[8] Her vart det halde marknad i oktober, der det vart byta ulike landbruks- og tekstilvarer, fisk og tran. Hit kom bønder frå indre og yttre Namdalen i den namdalske båten lafar stakande på Namsen. I 2008 og 2010 vart det arrangert martna på nytt her, for å minnast den gamle marknaden.
Kyrkja i Overhalla er bygd i 1187. Bygget er i romansk stil, og byggematerialet er gråstein på marmorsokkel, medan taket og tårnet er av tre. Klenodiet i kyrkja er altertavla frå 1678, som òg var det einaste ein klarte å redda ut då kyrkja brann i 1899.[9]
Remove ads
Kjende personar frå Overhalla
- Trine Skei Grande, politikar
- Jan Inge Hovig (1920—1977), arkitekt
- Louis Kvalstad, forfattar
- Anne Marit Mevassvik, politikar
- Johannes Rian (1891–1981), kunstmålar
- Inge Ryan, politikar
- Wenche Frogn Sellæg, politikar
- Frode Saugestad (f. 1974), litteraturforskar
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads