Overhus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit overhus eller førstekammer er det øvste kammeret i ei politisk forsamling med to kammer; det andre er underhuset eller andrekammeret. Overhuset deler lovgjevande makt med underhuset.

Foto:
Work of the United States Senate, Credited to the US Senate Photo Studio.
Overhus i Noreg
Fram til 1. oktober 2009 hadde det norske Stortinget to kammer. Odelstinget som utgjorde 3/4 av Stortinget fungerte då som underhus medan Lagtinget (1/4 av Stortinget) hadde funksjonen som overhus. Oppgåva til lagtinget var å kvalitetssikra lovar[1] og å senda dei attende til Odelstinget for ny handsaming dersom dei ikkje var nøgde.[2]
Christian Magnus Falsen og Johan Gunder Adler ønskte i si tid ei ordning der Lagtinget bestod av jordeigarar over 30 år valde inn for 6 år om gongen, medan Odelstinget blei valt for 2 år av gongen. Ordninga med to hus blei innført, med knappast mogleg margin, men berre todelinga gjenstod etter vidare handsaming.[3] Ordninga med to hus blei freista endra eller avskaffa fleire gonger. I 1932 bad Stortinget regjeringa om å vurdera «opphevelse av Stortingets avdelinger». I 1936 kom svaret frå regjeringa i form at eit forsvar for ordninga med to kammer, og debatten om i kva grad eit overhus var viktig og rett blei halden i live fram til vedtaket 20. februar 2007 som avskaffa lagtinget.
Døme på overhus
- Det britiske Overhuset i Storbritannia
- Landstinget i Danmark
- Senatet i USA
- Forbundsrådet i Tyskland
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.