Ouverture
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ouverture (fransk for 'opning' eller 'forspel') er eit musikkstykke som vanlegvis er skrive som eit orkesterforspel til ein opera, skodespel eller anna dramatisk verk.[1] Ouverturen består ofte av sitat frå resten av musikken i operaen, musikalen eller skodespelet (eit døme er ouverturen til Elverhøi av Kuhlau). Men ein del ouverturar er tematisk heilt frittståande, som Mozart sin ouverture til Figaros bryllup og Rossini sin til Barbereren i Sevilla. Ein del ouverturar er også skrivne som sjølvstendige verk, som 1812-ouverturen til Tsjajkovskij.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads