Ovipari

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ovipari
Remove ads

Ovipar (frå latin ovum, 'egg' og parere, 'å føde') er ei nemning for forplanting som skjer gjennom egglegging. Ovipare dyr legg egg der eit embryo kan utvikla seg og seinare klekka. Eigenskapen skil seg frå vivipar forplanting, der mororganismen føder levande ungar, og ovovivipar, der egga klekker i samband med fødsel. Alle fuglar, kloakkdyr og dei fleste fiskar, amfibie, reptil, insekt og edderkoppar er ovipare.

Thumb
Klekkande egg frå paradisfisk.
Thumb
Nazcasule med egg og kylling.

Egga som blir lagde kan vera befrukta, men lite utvikla embryo, eller eggceller som må befruktast utanfor mora. Medan dyr som lever på land ofte legg egg med nokså tjukke skal som allereie er blitt befrukta, gyter dyr som lever i vatn ofte ei mengd egg (rogn) som kan befruktast under eller etter gytinga.

Nokre ovipare dyr tek vare på egga fram til klekking og kan fôra ungane seinare. Andre forlèt egga straks dei er lagde.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads