Ozzy Osbourne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ozzy Osbourne
Remove ads

John Michael «Ozzy» Osbourne (3. desember 194822. juli 2025) var ein engelsk songar, låtskrivar og TV-personlegdom. Han vart kjend på 1970-talet som solovokalist i heavy metal-bandet Black Sabbath, og i denne perioden fekk han kallenamnet «Prince of Darkness».[5]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Fødd i Marston Green og oppvakse i Birmingham, vart Osbourne eit av grunnleggjarane av Black Sabbath i 1968, og var solist frå det sjølvtitulerte debutalbumet i 1970 til Never Say Die! i 1978. Bandet hadde stor innverknad på utviklinga av heavy metal, spesielt dei kritikarroste utgivingane Paranoid, Master of Reality og Sabbath Bloody Sabbath. Osbourne fekk sparken frå Black Sabbath i 1979 på grunn av alkohol- og narkotikaproblem, men fekk ein vellykka solokarriere og har gitt ut 13 studioalbum, og dei sju første fekk multiplatinum-sertifiseringer i USA. Osbourne gjenforeina seg med Black Sabbath ved fleire høve. Han kom tilbake i 1997 og var med på å spela inn det siste studioalbumet i gruppa, 13 (2013), før dei la ut på ein avskjedsturné som vart avslutta med ein opptreden i heimbyen Birmingham i februar 2017. Hans lange levetid og suksess har gitt han den uformelle tittelen «Godfather of Metal».[6][7]

Osbournes totale albumsal frå åra i Black Sabbath, kombinert med soloarbeidet hans, er på over 100 millionar.[8][9] Han vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame som medlem av Black Sabbath og i UK Music Hall of Fame som soloartist og som medlem av bandet. Han har vorte heidra med stjerner på Hollywood Walk of Fame og Birmingham Walk of Stars. På MTV Europe Music Awards 2014 fekk han Global Icon Award. I 2015 fekk Osbourne Ivor Novello Award for Lifetime Achievement frå British Academy of Songwriters, Composers and Authors.

På byrjinga av 2000-talet vart Osbourne ein reality-tv-stjerne, og opptredde som seg sjølv i MTV-realityprogrammet The Osbournes saman med kona og manageren Sharon og to av dei tre barna deira, Kelly og Jack. Han speler saman med Jack og Kelly i tv-serien Ozzy & Jack's World Detour. Den tredje sesongen i serien hadde premiere i juni 2018.

Remove ads

Diskografi

Solo

Studioalbum
  • Blizzard of Ozz (1980)
  • Diary of a Madman (1981)
  • Bark at the Moon (1983)
  • The Ultimate Sin (1986)
  • No Rest for the Wicked (1988)
  • No More Tears (1991)
  • Ozzmosis (1995)
  • Down to Earth (2001)
  • Under Cover (2005)
  • Black Rain (2007)
  • Scream (2010)
  • Ordinary Man (2020)
  • Patient Number 9 (2022)

Black Sabbath

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Black Sabbath.
Studioalbum
  • Black Sabbath (1970)
  • Paranoid (1970)
  • Master of Reality (1971)
  • Vol. 4 (1972)
  • Sabbath Bloody Sabbath (1973)
  • Sabotage (1975)
  • Technical Ecstasy (1976)
  • Never Say Die! (1978)
  • 13 (2013)
Remove ads

Filmar

  • Trick or Treat (1986) – Rev. Aaron Gilstrom
  • The Decline of Western Civilization Part II: The Metal Years (1988) – seg sjølv (dokumentar)
  • The Jerky Boys: The Movie (1995) – bandmanager
  • South Park (1999) – seg sjølv (røyst)
  • Little Nicky (2000) – seg sjølv
  • Moulin Rouge! (2001) – The Green Fairy (røyst)
  • Austin Powers in Goldmember (2002) – seg sjølv
  • Dame Edna Live at the Palace (2003)
  • Robbie the Reindeer in Close Encounters of the Herd Kind (2007) – Vicar (røyst)
  • Brütal Legend (2009) (videospel) – The Guardian of Metal, Dadbat (røyst)
  • Gnomeo & Juliet (2011) – Fawn (røyst)
  • Fish Hooks (2011) – Earth Troll (røyst)
  • Howard Stern on Demand (2013) – seg sjølv
  • Bubble Guppies (2015) – Sid Fishy (røyst)
  • Ghostbusters (2016) – seg sjølv
  • The 7D (2016) – Duke the Drear (røyst)
  • Sherlock Gnomes (2018) – Fawn (røyst)
  • Rockfield: The Studio On The Farm (2020) – seg sjølv[10][11]
  • Trolls World Tour (2020) – King Thrash
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads