Påskelilje

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Påskelilje
Remove ads

Påskelilje (Narcissus pseudonarcissus) er ein laukplante i påskeliljefamilien. Ho har ein einaste stor gul eller kvit blome på ein knapt 50 cm høg stilk.

Kjappe fakta
Thumb
Påskeliljefrø

Påskelilja er er dyrka både som hageplante og som snittblomster. Ho er rimeleg hardfør, og lauken overlever oftast den norske vinteren utan tildekking. Påskelilja blømer i april-mai i Noreg. Planten er nasjonalblome for Wales.

Remove ads

Opphavleg utbreiing

Planta veks vilt i det meste av det vestlege og sentrale Europa, men dei naturlege bestandane er truga på to frontar: Dels vert biotopane innskrenka og dels breiar dyrka former seg på villplantane sin kostnad. Opphavleg var arten knytt til lysopne skogar og steppeliknande område opp til 2000 moh. I dag er forvilla kulturformer naturalisert over mykje av verda.

I Noreg

I Noreg er påskelilje ein framandart som er innført som prydplante.[1][2] Arten er ein tradisjonell produksjonsart som har vore i bruk før 1700, og han var derfor ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018,[3] men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).[4]

To underartar er registrerte forvilla i Noreg:

  • nominatunderarten lita påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. pseudonarcissus) er kjend som etablert i norsk natur i alle fall i 1749 og finst forvilla i til dels store bestandar på Vestlandet frå Sunnhordland til Møre og ved Røros, der han går opp til over 800 m.[1]
  • stor påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. major) er innført i nyare tid og finst forvilla på Austlandet og nord til Troms, men dannar ikkje store bestandar. Underarten er i Framandartslista 2023 vurdert med potensielt høg risiko (PH).[5]
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads