Påskeliljefamilien
plantefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Påskeliljefamilien (Amaryllidaceae), tidlegare også kjend som amaryllisfamilien og narsissfamilien, er ei plantegruppe i aspargesordenen og omfattar rundt 1100 artar fordelt på 85 slekter. Den tidlegare laukfamilien (Alliaceae) blir no òg rekna hit.[1] Plantane i familien er einfrøblada og er hovudsakleg laukplantar med grunnstilt bladrosett og store, vakre blomar. Mange prydplantar i slekter som Galanthus, Hippeastrum og Narcissus høyrer til denne familien.
Dei fleste plantane i påskeliljefamilien stammar frå sletteområde i varme land. Snøklokke, påskelilje og pinselilje er mykje brukte som hageplantar og finst også forvilla, mellom anna i Noreg.
Remove ads
Slekter i Noreg
Fire slekter er registrerte i Noreg:[1][2]
- Påskeliljeslekta (Narcissus)
- Snøklokkeslekta (Galanthus)
- Klosterklokkeslekta (Leucojum)
- Laukslekta (Allium)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads