Påskelys

From Wikipedia, the free encyclopedia

Påskelys
Remove ads

Påskelys er eit stort dekorert kyrkjelys som blir innført i kyrkja i påsken og står der gjennom kyrkjeåret. Lyset symboliserer Jesus Kristus, som kalla seg «verdas lys». Lyset er vanleg å bruka både i katolske og protestantiske kyrkjer.

Thumb
Påskelys i St. Olav domkirke i Oslo.
Thumb
Tend påskelys i Christuskirche i Neumarkt.

Påskelyset er kvitt og dekorert, gjerne med kristogram, bokstavane alfa og omega og årstal. Tradisjonelt var det eit vokslys, men i moderne tid bruker ein stearinlys eller oljelampe forma som lys.

Etter alminneleg katolsk tradisjon skal kyrkja ta eit nytt påskelys i bruk kvart år. Dette nye lyset vert tent under påskevaka, eller påskevigila som denne messa òg vert kalla. Lyset blir tend utanfor kyrkja og bore inn i prosesjon i ei mørklagd kyrkje. Diakonen som ber lyset seier tre gonger lumen Christi ('Kristi lys'). Ein avsluttar med lovsongen Exsultet.[1] I dei kyrkjene som ikkje feirar vigilia, vert det første gongen tent på påskedag.

Det er vanleg å la påskelyset brenna ved kvar gudsteneste i påsketida. Deretter kan ein i katolske kyrkjer bruka det fram til og med Kristi himmelfartsdag.[2] eller i nyare tid pinse.[3][1] Det kan også tennast på julaftan. Elles i året vert påskelyset tent under dåp, i somme kyrkjesamfunn òg ved gravferd, ved at eld vert henta frå alterlysa ved innleiinga av seremonien. Mindre dåpslys gjevne til dåpsbarna blir tende frå det store påskelyset.[4]

I den norske kyrkja står påskelyset normalt ved døypefonten, bortsett frå tida mellom påskenatt eller 1. påskedag fram til Kristi himmelfartsdag. Då kan det stå ved sidan av altarbordet.[5]

I mange kyrkjer vel dei å bruke påskelyset i fleire år, til det er nedbrunne.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads