Alfa og omega
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alfa og omega er eit uttrykk som tyder først og sist, det viktigaste eller alt. Det tek utgangspunkt i at alfa og omega er den første og siste bokstaven i det klassiske (joniske) greske alfabetet.

Uttrykket har opphav i opningskapittelet i Johannes' openberring i Bibelen, der Johannes helsar kyrkjelydane med orda «Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.»[1]
Bokstavane er ofte brukte i tilknyting til jesugrammet «IHS», som eit symbol som fortel at Jesus Kristus er den første og den siste, at han omslutar heile historia og styrer heile verda. I oldkyrkja vart symbolet eit uttrykk for ei kristen vedkjenning. Frå omkring år 250 vart bokstavane brukte på myntar, ringar, graver, bokpermar og påskelys, sidan òg på kyrkjeklokker.[2]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads