PLUS

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Brukskunstsenteret PLUS eller berre PLUS (etablert 1958 i Gamlebyen i Fredrikstad, nedlagt 1978) var eit senter for design og kunsthandverk. Det vart oppretta som eit norsk non-profit senter for design, men utvikla seg til eit meir vanleg verkstadsområde for kunsthandverkarar. Målet ved opprettinga var å foreine kunstnar og industri.[1] Marknadsføring og sal av tinga dei laga var ved Norway Design. Logoen nytta på varene var eit plussteikn designa av Hermann Bongard som var kunstnarisk leiar 1960-64. For emballasjen fekk Roar Høyland den europeiske Eurostar-prisen 1961 og den norske ID-prisen. Ein av dei tidlege leiarane for foretaket var arkeologen Karl Vibe-Müller.[2]

I kolonien var det:

  • korgfletteri,
  • glashytte leia av Richard Duborgh 1958-70, der Arne Jon Jutrem og Benny Motzfeldt (leiar frå 1970) arbeidde med glassblåsarane Henry Svendsrud og Jack Johansen. Hytta brann ned i 1979
  • keramikkverkstad, først leia av Rolf Hansen, seinare av ekteparet Tone og Richard Duborgh
  • tredreieri og smie for smijern
  • sølvsmie (Sølvstua) med ekteparet Erling Christophersen og Anna Greta Eker, i tillegg til lærling Tone Vigeland (1958-61). Leiar for produksjonen var Odvar Pettersen.
  • møbelverkstad
  • klesstiltrykkeri (Vevstua)
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads