Palaisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Palaisk er eit utdøytt indoeuropeisk språk i Anatolia som er dokumentert i kileskrifttavler frå bronsealderbyen Hattusa, hovudstaden til hettittane. Namnet til språket på hettittisk er palaumnili, eller «av folket frå Pala»; Pala låg antakeleg nordvest for det hettittiske kjerneområdet, dvs. nordvest av dagens Tyrkia. Regionen hadde stor innvandring av kaskarar på 1400-talet f.Kr., eit ikkje-indoeuropeisk stammefolk frå fjella i pontoske Anatolia mot Svartehavet. Det er sannsynleg at palaisk døydde ut i denne perioden.
Alt vi veit om språket er frå CTH 750-754 frå Emmanuel Laroches katalog av hettittiske tekster, og hettittiske tekstar andre stadar som siterer avsnitt på palaisk i referanse til guden Zaparwa (hettittisk Ziparwa); totalt sett 21 avsnitt. Av reine palaiske tekster utgjer CTH 750 ei utgreiing av ein festival for Zaparwa, og CTH 752 viser til eit anna religiøst ritual. I tillegg til Zaparwa dyrka dei som snakka palaisk òg ein himmelgud ved namn Tiyaz (luvisk: Tiwaz).
Palaisk er eit typisk døme på eit indoeuropeisk språk. Gammelhettittisk (av rundt 1600 f.Kr.) har genitivending i eintal -as, samanlikn med urindoeuropeisk -os. Luvisk nytta i staden -ssa som adjektivisk endelse. Palaisk ved den nordlege grensa av dei begge, som seinare hieroglyfisk luvisk, har både eit -as-genitiv og ein -asa-adjektivisk ending. Palaisk viser òg same kjønnsskilje som i hettittisk, og har tilsvarande former for pronomen. Det er difor sannsynleg at palaisk tilhøyrer dei anatoliske språka, men om det er eit systerspråk til gammelhettittisk eller hieroglyfisk luvisk er ukjent.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Palaisk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2016.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
- Katalog over hettittiske tekster: Tekster i andre språk
- Genitive Case and Possessive Adjective in Anatolian (PDF) ved Craig Melchert
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads