Palestinske flyktningleirar

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Palestinske flyktningleirar
Remove ads

Palestinske flyktningleirar er leirar skipa av SN-organisasjonen United Nations Relief and Works Agency (UNRWA) i Jordan, Libanon, Syria, Vestbreidda og Gazastripa for å husa palestinske flyktningar registrerte med UNRWA. Dette omfattar folk som flykta eller blei drivne ut under nakba i 1948 etter den den arabisk–israelske krigen i 1948 eller etter Seksdagarskrigen i 1967, og etterkomarane deira på farssida.[1] Der er 68 palestinske flyktningleirar, 58 offisielle og 10 uoffisielle.[2] Ti av desse blei skipa etter Seksdagarskrigen, dei andre blei skipa mellom 1948 og 1950-talet.

Berre ein tredel av registrerte palestinske flyktningar bur innanfor grensene til ein flyktningleir.[3][4][5] Mange av dei bur i tilstøytande område eller i nærleiken av leirane, ofte i såkalla samlingar (gatherings) som er definert som geografiske område utanfor offisielle leirar som husar minst 15 palestinske hushald.[6]

Det totale talet på registrerte palestinske flyktningar har voksa frå 750 000 i 1950 til rundt 5 millionar i 2013.[7]

Thumb
Frå Shatila flyktningleir ved utkanten av Beirut i mai 2019
Remove ads

Liste over leirar

Leirane er delte mellom fem område:

  • Gazastripa: Gazastripa har 8 offisielle og ingen uoffisielle flyktningleirar,[2] og 1 221 110 registrerte flyktningar.
  • Vestbreidda: Vestbreidda has 19 offisielle og 4 uoffisielle flyktningleirar,[2] og 741 409 registrerte flyktningar.
  • Syria: Syria har 9 offisielle flyktningleirar og 3 uoffisielle flyktningleirar,[2] og 499 189 registrerte flyktningar.
  • Libanon: Det er 12 offisielle og ingen uoffisielle flyktningleirar i Libanon,[2] og 448 599 registrerte flyktningar.
  • Jordan: Det er 10 offisielle og 3 uoffisielle flyktningleirar i Jordan,[2] og 2 034 641 registrerte flyktningar.
Meir informasjon Namn, Skipa ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads