Zarqa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zarqa (arabisk الزرقاء, Az Zarqāʼ) er ein by i Jordan nordaust for Amman. Han har kring 400 000 innbyggjarar og er den tredje største i landet etter Amman og Irbid. Zarqa er sete i Zarqa guvernement (arabisk Muhāfazat az-Zarqā). Namnet tyder «den blåe».

Remove ads
Zarqa er industrisenteret i Jordan og over 50 % av fabrikkane i Jordan ligg her. Industriveksten i byen har kome av låg bustadkostnader og at han ligg nær hovudstaden AMman. Zarqa vart grunnlagd av immigrantar frå Kaspihavet på byrjinga av 1900-talet, først ved breidda av Zarqaelva. Folkeveksten auka gradvis då Hejaz-banen vart bygd av osmanarane. Basane til den jordanske hæren, som tidlegare vart kalla den arabiske legionen, låg i Zarqa.
Remove ads
Historie
Byen vart grunnlagd i 1902 av tsjetsjenarar som vart pressa bort under krigane mellom Det osmanske riket og Russland. Dei slo seg ned langs Zarqaelva. Då jernbanelinja Hejaz vart lagt til busetnaden, vart Zarqa eit viktig jernbaneknutepunkt. 10. april 1905 gav den osmanske guvernøren dei tsjetsjenske nybyggjarane løyve til å eige landområde dei slo seg ned på. Folketalet voks raskt.
Etter den jordanske grensestyrken vart skipa i 1926, vart det bygd militærbasar i byen av den britiske hæren, og Zarqa vart seinare kjend som «militærbyen».[1]
Remove ads
Transport
Det skal byggast ein ny jernbane frå Amman til Zarqa. Prosjektet er planlagt av eit spansk entreprenørfirma og vert betalt av midlar frå Kuwait.
Utdanning
Det er tre universitet i Zarqa: Hashemitt-universitetet, Al-Balqa Applied University i Zarqa og Zarqa private universitet.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads