Kokospalme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kokospalme
Remove ads

Kokospalme (Cocos nucifera) er ein palmeart kjend for å produsera kokosnøtter. Kokospalmen stammar frå Malaysia og Polynesia, men har spreidd seg til heile det tropiske området, delvis naturleg og delvis med menneskehjelp.

Kjappe fakta

Palmen kan bli opptil 25 m høg og har ein rik dusk av 2–3 meter lange fjøra blad på toppen av den slanke, ugreina stammen. Frå treet er 5 år ber det blomar og frukter, som sit i bladhjørnene. Blomsterstanden er ein greine kolbe der hannblomane sit i greinspissane medan eit fåtal hoblomar sit ved grunnen. Eit fullvakse tre gjev 5–10 frukter kvar månad.

Thumb
Plansjeteikning frå 1800-talet av kokosnøtt og palme.

Ulike produkt frå kokosnøtt, blad og stammen er særs viktige i mange kulturar. Dei blir brukte som næringsmiddel, materiale og som indsutriråvare, i form av mellom anna kokosfeitt, kokosfiber og kokosmasse.

Kokospalmen er ein saltplante som kan vatnast med havvatn og elles krev tilførsel av klor og natrium. Ofte dyrkar ein plamen saman med andre vekstar som ananas, mais, solsikke, kaffi, kakao, banan og sitrusfrukt.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads